Fem studentar ved grunnskolelærarutdanninga leverte denne våren masteroppgåver som var skrivne i nært samarbeid med Rosenholm skole i Bydel Søndre Nordstrand.
Her har dei hatt kvar sin mastermentor, ei heilt ny rolle som skolen og universitetet i samarbeid har prøvd ut.
– Ein mastermentor er ein lærar som opnar klasserommet sitt for datainnsamling, og legg til rette for at studenten kan utforske klasserom, elevar eller lærarar, fortel Annette Haslund, studieleiar ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning ved OsloMet.
Formålet er at masteroppgåvene blir mest mogleg relevante for den kommande lærarjobben til studenten, og at lærarfellesskapet på skolen drar nytte av kunnskapen frå masterprosjekta.
– Kan forske på det vi faktisk gjer
Samarbeidet mellom OsloMet og Rosenholm skole spring ut av eit nettverk mellom tilsette ved grunnskolelærarutdanninga på OsloMet og rektorar frå fire grunnskolar i Søndre Nordstrand, som blei etablert som ei følgje av OsloMet Holmlia-satsinga.
Innanfor dette samarbeidet skriv studentane praksisbaserte masteroppgåver som er knytte til satsingsområda til skolen.
– Vi ønsker at masterstudentane skulle skrive oppgåvene i samarbeid med skolen fordi dei har eit utanfråblikk på praksisen vår, og fordi dei kan forske på det vi faktisk gjer, seier rektor ved Rosenholm skole, Linda Marie Hegler Osmundnes.
Får utforske reelle utfordringar i skolen
– Studentane får på denne måten høve til å aktivt utforske reelle utfordringar i skolen, noko som er etterlyst i både skolen, i politikken, og frå studentane sjølv, seier Haslund.
Tre av studentane presenterte oppgåvene sine for dei tilsette ved skolen i mai.
- Amalie Frisk-Olsen si oppgåve handlar om fleirspråklege elevar sine utfordringar med tekstoppgåver i matematikk. Ho gjorde oppgåvebaserte intervju med elevar på 6. og 7. trinn. Oppgåva viser at tekstoppgåver krev meir enn berre rekneferdigheiter, og at eksplisitt arbeid med språk er nødvendig, også i matematikk. Mastermentor ved Rosenholm skole har vore Ine Nereng Ellestad. Rettleiar ved OsloMet har vore George Harry Hitching.
- Vilde Distad Stelander og Malin Krog har utført ein entreprenøriell masteroppgåve innan spesialpedagogikk. I ein entreprenøriell masteroppgåve får studentane utvikle, teste, forbetre og argumentere for eit produkt. Oppgåva handlar om korleis samarbeidsaktivitetar kan framme sosial inkludering for elevar med autisme. Stelander og Krog har utvikla spelet “Mellom linjene - en skole for alle.” Det består av sosiale situasjonskort for heile klassa, som er tilgjengeleg både som nettside og i fysisk versjon. Spelet er testa ut i to klasser, og vidareutvikla ut frå observasjonar og intervju med lærarar. Mastermentor ved Rosenholm skole har vore Nargiss Oudah. Rettleiar ved OsloMet har vore Anne Cathrine Thurmann Moe.
På bildet: Bak frå venstre: Mastermentor Julie Tangen, mastermentor Ine Nereng Ellestad, student Malin Krog og student Vilde Distad Stelander. Framfor frå venstre: Mastermentor Thea Johannessen, student Amalie Frisk-Olsen, og mastermentor Nargiss Oudah, som held spelet som Malin og Vilde har utvikla.
Mastermentorordninga ved grunnskolelærarutdanninga
- Grunnskolelærarstudentar som gjennom mastertorget (uni.oslomet.no) knyter seg til eit prosjekt ved ein av OsloMets universitets- eller praksisskolar, kan søke om å få ein kontaktperson ved skolen som får rolle som mastermentor.
- Mastermentoren opnar opp klasserommet sitt for studentar som gjennomfører praksisbaserte masteroppgåver, støttar studenten i praksisrettinga av oppgåva, og bidrar som informant ved behov.
- Mastermentoren må ha formell kompetanse i faget for den aktuelle oppgåva.
- Studenten er sjølv ansvarleg for å vere eit bindeledd mellom mastermentoren til skolen og rettleiaren sin ved OsloMet.