English version

Master-trikset: – Det var viktig å legge vekk alt anna

Portrett av Anders Blomberg

Han sat heime då han opna ein e-post frå OsloMet. Der stod det at masteroppgåva hans var kåra til den beste ved OsloMet i 2025 – ein studiestad med totalt 22.000 studentar.

– Gratulerer med pris! Korleis reagerte du da du fekk beskjeden?

– Eg blei veldig glad, men det var vanskeleg å ta det til seg. Først trudde eg at vi var mange studentar som fekk pris. At det berre var meg, gjorde det nesten litt skummelt. Eg har jo hatt så mange flinke medstudentar.  

Ifølgje OsloMets jury «utmerker vinnerens arbeid seg som et sjeldent selvstendig kunnskapsbidrag til utvikling av verktøy for resirkulering internasjonalt.» Blomberg sitt fagfelt er anvendt data- og informasjonsteknologi, studieretning for robotikk og kybernetikk.

I masteroppgåva samarbeida han med Norsk institutt for vannforskning (NIVA).

– Fortel om prosjektet ditt!

– Eg har jobba med ein plast-skannar som kan hjelpe til med å sortere plast frå havet. I rike land bruker vi vanlegvis høgteknologiske, dyre instrument, men i låginntektsland kan det vere nyttig med billege verktøy. Eit slikt verktøy var på veg da eg begynte på oppgåva, men maskinlæringsalgoritmen var ikkje god nok. Eg har prøvd å finne ein algoritme som fungerer betre, slik at skannaren kan lære seg å kjenne att ulike typar plast.

Det er fint å gjere noko som kan vere med og betre miljøet, sjølv om det eg har gjort, berre er ein mikroskopisk puslespelbit i det store biletet. – Anders Blomberg

– Korleis gjekk det?

– Det gjekk bra til slutt! Ein av modellane mine ga 92 prosent nøyaktigheit. Opphavsmannen sin modell ga berre 56 prosent nøyaktigheit.

– Kva er du mest stolt av?

– At eg fekk til det eg ville. For på eit tidspunkt var det overveldande – det var så mykje som måtte gjerast! Heile oppgåva var som ein gigantisk knute, og eg har hatt mange 16-timarsdagar.

– Kva ligg bak engasjementet ditt?

– Eg synest at elektronikk er gøy og at fysikk er veldig spennande. I oppgåva fekk eg jobbe med begge. I tillegg var det fint å gjere noko som kan vere med og betre miljøet, sjølv om det eg har gjort, berre er ein mikroskopisk puslespelbit i det store biletet.

– Kven er du, sånn elles?

– Eg kjem frå Nittedal og er 34 år, så eg begynte å studere ganske seint. Før det jobba eg med verditransport. Eg liker godt å klatre, trene og vere med venner og familie, men dei siste månadene har eg berre sete med masteroppgåva.

– Kva råd vil du gi til andre studentar?

– Begynn tidleg, og bruk mykje tid i starten! Du vil uansett få dårleg tid i innspurten. For meg var det også viktig å leggje bort alt anna, for eksempel telefonen.

– Kvar la du telefonen din?

– Det var vel eigentleg sånn at kjærasten min tok min telefon, og eg tok hennar. Vi tulla litt med det, men eg trur faktisk at det var avgjerande. Vi skreiv oppgåver begge to, og det gjekk veldig bra for oss begge.

– Kva er planane dine framover?

– Eg skal begynne å jobbe for Kongsberggruppen. Der får eg jobbe akkurat med det eg har studert. Det gleder eg meg til.