Medlemma i matsvinnutvalet stilt opp på ein scene

Matsvinnutval: vil gi krav om nedprising av varer nær utløpsdato

Matsvinnet i Noreg skal halverast innan 2030. SIFO har vore med i utvalet som foreslår korleis det skal gjerast.

Vi har vorte vant til å sjå hyller i butikken med varer som er i ferd med å gå ut på dato, til nedsett pris. Dette er ei frivillig ordning for butikkane. 

Matsvinnutvalet, sett ned av Regjeringa, forslår å gjere nedprising av varer med kort haldbarheit til eit krav. Utvalet foreslår også ei donasjonsplikt av overskotsmat frå industri og grossist, men vil greie ut nærare korleis det kan gjerast. 

Perspektivet til forbrukarane

– Eg trur forbrukarane i hovudsak vil merke to tiltak. Det første handlar om ulike tiltak for å redusere svinnet hos forbrukar. Det vil mellom anna vere kampanjar retta mot dette. Det andre handlar om krav til nedprising i daglegvarebutikkane, seier Alexander Schjøll, forskingsleiar hos SIFO og medlem i matsvinnutvalet.

Saman med Forbrukarrådet og Framtida i våre hender har SIFO stått for forbrukarperspektivet i utvalet. Utvalet har få tiltak retta direkte mot forbrukar. 

– Grunnen til at det ikkje er fleire tiltak direkte retta mot forbrukar er hovudsakleg fordi vi har sett at det er svært vanskeleg å regulere dette utan at ein grip inn i privatlivets fred. Skal ein forsvare ei slik innblanding må tiltaka ha svært stor effekt, seier Schjøll.

– Vi har derfor heller sett på tiltak som indirekte kan redusere dette svinnet. Det vil seie at tiltak retta mot eit ledd i verdikjeda også vil redusere svinnet til forbrukarane, til dømes krav om tiltak i butikkar for å hindre at forbrukar kjøper for mykje mat.

Saknar økonomiske insentiv

Schjøll synest betydninga av økonomiske verkemiddel manglar i rapporten, og han er med på ein særmerknad om dette saman med Forbrukarrådet og Framtida i våre hender.

– Vi meiner at kommunane må meir aktivt med for å redusere svinnet i matavfallet som dei samlar inn. Ei avgift som påskjønner dei kommunane med lite matsvinn bør greiast ut, seier han.

Ingrid Kleiva Møller, Alexander Schjøll og Gunstein Instefjord

Ingrid Kleiva Møller (Framtida i våre hender), Alexander Schjøll (Forbruksforskingsinstituttet SIFO) og Gunstein Instefjord (Forbrukarrådet) har stått for forbrukarperspektivet i Matsvinnutvalet. Dei meinar det er viktig at det vert innført økonomiske insentiver der det er mogleg, og har ein merknad om dette i rapporten. Foto: Kjersti Lassen

Skreddarsydde tiltak

Nedprising og donasjonsplikt er berre nokre av ei rekkje tiltak utvalet foreslår for få fart på kampen mot matsvinnet. Forslaget utvalet har til hovudgrep er innføringa av eit varsemdkrav og styrking av bransjeavtalen, som vil gjelde både privat og offentleg sektor. Dette vil gjere at verksemdene gjer risikovurderingar og set i gang skreddarsydde tiltak for å unngå matsvinn i eiga verksemd.   

– Alle aktørar i verdikjeda, unnateke forbrukar, vil forstå meir om betydninga av å få bukt med matsvinn og korleis. Dei vil lære av kvarandre. Spesielt gjeld dette for aktørar som knapt har gjort noko som helst for å redusere svinnet sitt, som offentleg sektor, seier Schjøll.

Inga matkastelov

Utvalet vil likevel ikkje tilrå ei matkastelov, som Framtida i våre hender har teke til orde for. Dei tilrår heller å ta matsvinn inn i eksisterande lover, hovudsakleg matlova.

– Det vil gjere lovverket mykje meir effektivt, seier Schjøll. 

Om matsvinnutvalet

Matsvinnutvalet vart sett ned av Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet i februar i fjor med oppgåve å greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 prosent reduksjon i matsvinnet innan 2030. Utvalet har også utarbeidd forslag til ny matkastelovgiving.

Utvalet har bestått av representantar frå bransjen, forbrukar- og miljøorganisasjonar, kommunal sektor og matsentralane.

Rapporten vart lansert 3. januar med både Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen og Landbruks- og matminister Geir Pollestad til stades. Les om lanseringa om last ned rapporten her: Styrkar arbeidet mot matsvinn (regjeringa.no)

 Foto: Klima- og miljødepartementet

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 04.01.2024 | Kjersti Lassen