Tidsskriftet vert gjeve ut av Oxford University Press, og er rangert på nivå 2 i det norske publiseringssystemet.
Sandnes fortel at førespurnaden om å verte med i redaksjonsrådet kom gjennom det internasjonale faglege nettverket hans. Han kjenner sjefredaktør Helen Petrie blant anna gjennom komiteen IFIP TC13 (technical committee 13 – human computer interaction, ifip-tc13.org) i International Federation for Information Processing (IFIP), der Sandnes representerer Noreg og Petrie Storbritannia.
– Det er ei anerkjenning frå det internasjonale fagmiljøet. At vi har fagpersonar som er aktive i slike internasjonale tidsskrift, er også eit signal om at det vi gjer, har god kvalitet, seier Sandnes.
Skal vurdere forskingsartiklar
Som medlem av redaksjonsrådet får Sandnes ansvar for å følgje opp manuskript som vert sende inn til tidsskriftet. Han skal mellom anna finne fagfellar, vurdere tilbakemeldingane deira og vere med på å avgjere om artiklar held mål for publisering.
– Kvar av oss handterer rundt fire manuskript i året. Då skal vi styre fagfelleprosessen. Dersom vurderingane sprikjer, må eg vurdere argumenta opp mot kvarandre, summere dei opp og ta ei avgjerd på bakgrunn av dette.
Arbeidet kjem i tillegg til dei vanlege arbeidsoppgåvene, og er utan lønn, slik fagfellearbeid i vitskaplege tidsskrift vanlegvis er.
Med på å gjere OsloMet synleg
Sandnes meiner vervet først og fremst har noko å seie for omdømmet til fagmiljøet ved OsloMet. Universitetet har forsking og utdanning innan mellom anna universell utforming og menneske–maskin-interaksjon.
– Det er bra for fagmiljøet at vi er med i internasjonale tidsskrift. I evalueringar av forskingsmiljø kan vi også trekkje fram slike verv.
Rolla gjev dessutan Sandnes tidleg innblikk i ny forsking. Det kan også kome kollegaer til gode.
– Du les gode, nye artiklar som du kanskje elles ikkje ville ha lese. Av og til kan eg invitere inn kollegaer når eg ser at noko er relevant for dei. Det kan skape nye moglegheiter for andre.
Fagfellekrise
Sandnes peikar samtidig på ei utfordring for vitskaplege tidsskrift: Det vert publisert stadig meir forsking, medan det kan vere vanskeleg å finne forskarar som har tid til å vurdere manuskript.
– Det er ei reell fagfellekrise. Det vert generert fleire artiklar enn nokon gong, og det er svært vanskeleg å finne folk som er villige til å vere fagfellar. Eg får i gjennomsnitt omtrent éin invitasjon om dagen.
Sjølv takkar han nei til dei fleste, og prioriterer tidsskrift og konferansar han har eit etablert samarbeid med.