OsloMet-logo på fasade

Millionar til prosjekt i offentleg sektor og næringsliv

OsloMet er partnar i seks doktorgradsprosjekt som skal bidra til innovasjon i offentleg sektor og i næringsliv.

Fem prosjekt som har fått støtte frå Forskingsrådet er ein del av ordninga offentleg sektor-ph.d. Kandidatane skal forske på prosjekt på eigen arbeidsplass og målet er å bidra til innovative løysingar. Kvart prosjekt får inntil 2,3 millionar kroner.  

– Dette er veldig hyggelege nyheiter! Gratulerer til alle dei involverte, seier prorektor for forsking og utvikling ved OsloMet, Tanja Storsul.

– Å styrke samarbeidet med arbeids- og næringslivet er høgt prioritert ved OsloMet. Det er flott å sjå at det resulterer i prosjekt som tar fram ny kunnskap det er spesifikt behov for, innanfor ei så stor breidde av fagfelt, seier ho.

Dette er prosjekta

Offentleg sektor-ph.d.

Offentleg sektor-ph.d. er ei treårig ordning der kandidaten tar ein doktorgrad samtidig som dei er i jobb. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid mellom arbeidsgjevar og eit universitet eller ein høgskole og blir støtta av Forskingsrådet.

Les meir om ordninga på nettsidene til Forskningsrådet (forskningsradet.no)

Eitt nærings-ph.d.-prosjekt

OsloMet har også ein kandidat som har fått støtte gjennom ordninga med å ta doktorgrad i næringslivet.

Prosjektet er eit samarbeid med Gateline AS.

Publisert: 17.06.2026 | Åshild Losnegard