– Det å få eit antrekk som er tilpassa meg og mi kroppsform ga meg ei befriande kjensle, seier Oda Lundli.
Ho er kortvaksen og deltok som modell i samarbeidsprosjektet. Som mange andre kortvaksne opplever ho at det er vanskeleg å finne klede som passar.
– Handlar om inkludering
– Som kortvaksen er dei fleste kleda laga for ein annan kropp, og det betyr som regel dårleg passform eller at eg må tilpasse mykje sjølv, seier Lundli.
Ho meiner prosjektet handlar om inkludering - om å bli sett og tatt omsyn til.
– Å få eit antrekk som faktisk er laga for min kropp gjer ein forskjell. Det handlar ikkje berre om at det sit betre, men også om å sleppe å føle seg som eit unntak.
Lærte mykje
Bachelorstudent Ewelina Wdzieczna fekk oppdraget med å designe klede til Lundli. For henne var prosjektet nyttig og verdifullt. Ho lærte mykje om mønsterkonstruksjon, samtidig som det var god trening i å handtere forholdet til ein kunde.
– Eg er veldig glad for å ha dette som mi første oppleving av eit designar-kunde forhold. Eg håper det vil auke sjølvtilliten min framover og hjelpe meg når eg får ein skikkeleg jobb i bransjen, seier Wdzieczna.
Fornøgd med sluttproduktet
Studenten og modellen er fulle av lovord om samarbeidet, og begge set stor pris på å ha blitt kjend med kvarandre.
– Eg er superfornøgd med sluttproduktet, spesielt buksa, sidan det er noko eg strevar med til vanleg, det å finne perfekte bukser som passar på meg, samtidig som at eg skal være fornøgd med korleis dei ser ut også, seier Lundli.
Del av eit langvarig samarbeid med Sunnaas
Det er ikkje første gong mote- og designmiljøet på OsloMet samarbeider med Sunnaas om spesialdesigna klede.
– I fjor hadde vi eit prosjekt der ei gruppe studentar designa klede for rullestolbrukarar. Resultatet blei så bra at vi valte å utvide samarbeidet, seier Sissel Isachsen, dosent i mote og design på OsloMet.
Ho fortel at emnet Innovasjon og eksperimentering – mote og helse mellom anna handlar om universell utforming av klede, og at studentane skal få trening i å tilpasse design til ulike menneske.
Prosjektet spring ut av eit samarbeid i regi av Sunnaas Rehabilitation Cluster, der OsloMet er ein sentral partnar.
Kort veg frå idé til ferdig resultat
Seniorforskar Ingrid Eitzen frå Sunnaas seier prosjektet synleggjer idéen bak Sunnaas Rehabilitation Cluster og samarbeidet mellom sjukehuset og OsloMet som utdanningsinstitusjon.
– Det var også veldig gøy å erfare at vegen frå vi hadde vårt første møte om eit mogleg samarbeid til studentane hadde sin presentasjon av dei ferdige kolleksjonane var såpass kort – det tok berre nokre månader!
– Frå Sunnaas si side håpar vi å kunne etablere dette som eit årleg samarbeidsprosjekt, som over tid gjer det mogleg å inkludere eit mangfald av brukarar med ulike funksjonelle behov.
Om Sunnaas Rehabilitation Cluster
Sunnaas Rehabilitation Cluster (SRC), har som mål å vere eit verdsledande nettverk for forsking, innovasjon og utdanning innan rehabilitering. Aktivitetar i SRC skal gi rehabiliteringsfeltet auka merksemd og synlegheit, og bidra til kunnskapsoverføring.
Samarbeidet mellom Sunnaas sjukehus og OsloMet i SRC er retta mot samspelet mellom helse, teknologi og design. Hensikta er å utvikle kunnskap og løysingar som fremmer helse og førebygger sjukdom.