Tettare samarbeid for auka kvalitet og felles retning
– Det har lenge vore både behov for og ønske om tettare samarbeid mellom institusjonane som jobbar med utdanning og autorisasjon innan talespråktolking og omsetting i Noreg, fortel studieleiar Sølve Hyvärinen-Farestveit ved Institutt for internasjonale studiar og tolkeutdanning (IST) ved OsloMet. Han leier den nye nasjonale faggruppa.
Med i nettverket er fagmiljø innanfor talespråktolking og omsetting frå OsloMet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Agder, Samisk høgskole og Noregs handelshøgskole.
– Vi har allereie jobba saman om ei rekke saker, som språkplan for tolkeutdanningane, tospråktesting, statsautorisasjonsprøva i tolking, bruk av språkrettleiarar, tolkefaglege rettleiarar og sensorar, seier Hyvärinen-Farestveit. Faggruppa er ei formalisering dette samarbeidet.
– Den nasjonale faggruppa er ein arena for koordinering, kunnskapsdeling og utvikling på feltet, noko som styrker OsloMets fagmiljø og kvaliteten i utdanningane våre, seier Hyvärinen-Farestveit.
Diskuterer langsiktige oppgåver
Den nasjonale faggruppa skal diskutere og løyse langsiktige oppgåver innanfor talespråktolking og omsetting. Med etableringa får sektoren ein etterlengta, nasjonal arena for å løfte kvaliteten på autorisasjon, og talespråktolk- og omsettarutdanningane. Dette for å sikre meir samordna praksis til beste for studentar, fagmiljø og brukarane av tenestene.
Hovudformålet er å vareta behovet til institusjonane for:
- fagleg og administrativ utvikling
- erfaringsdeling
- samordning og nasjonal koordinering
Faggruppa kan også arbeide politisk mot relevante myndigheiter for å påverke prosessar og avgjerder som involverer tolking, omsetting og autorisasjon.
OsloMets rolle og ansvar
Det var seksjon for tolking i offentleg sektor ved OsloMet som initierte etableringa av faggruppa og leiar gruppa i første periode. Deretter rullerer leiarvervet kvart anna år.
– Vi lever i ei tid med raske endringar, både globalt og teknologisk, seier Hyvärinen-Farestveit.
– Derfor må vi ha ei tydeleg nasjonal retning. Det å samarbeide om aktuelle problemstillingar innanfor talespråktolking og omsetting vil styrke utdanningane og autorisasjon ved OsloMet, slik at vi kan fortsette å ligge i front på både utdanning og forsking, avsluttar Hyvärinen-Farestveit.
Les meir om den nasjonale faggruppa for talespråktolking og omsetting.