Forskar studerar prøvemateriale i eit laboratorium.

OsloMet-forskarar får støtte til å utvikle enzym for berekraftig plastresirkulering

Colin Charnock og medarbeidarar ved forskingsgruppa sjukdom og miljøpåverknad ved Fakultet for helsevitskap, har fått 500 000 kroner frå Noregs forskingsråds program Kvalifisering – Kommersialisering frå offentleg finansiert forsking 2025.

Prosjektet går ut på å produsere og deretter forbetre aktiviteten til ei spesiell klasse av enzym med evne til å bryte ned polyetylentereftalat (PET) som er den typen plast ein finn i drikkeflasker, emballasje og syntetiske tekstilar.

– Langtidsmålet for teknologien som blir utvikla er ein lukka sirkel resirkulering der innsamla PET blir broten ned til byggesteinar som kan settast saman igjen til ny plast. Ei slik tilnærming er berekraftig og i tråd med både FNs berekraftsmål og OsloMet si nye strategiske satsing på grøn omstilling, seier professor Colin Charnock.

Sjeldne mikrobar produserer enzym og gir grunnlag for immaterielle rettar

Forskingsgruppa sjukdom og miljøpåverknad med Colin Charnock i spissen har i fleire år forska på plastnedbrytande bakteriar.

Forskinga har tidlegare munna ut i ein publikasjon som beskriv ein ny metode for å finne dei svært sjeldne mikrobane som har evne til å bryte ned PET. Gjennom denne metoden har forskarane funne både ein bakterie og ein gjærsopp i Noreg som har denne evna.

– Gjennom laboratoriearbeid og berekningsmessige analysar, er DNAet til mikrobane lokalisert i gena som kodar for produksjon av enzyma som bryt ned PET, såkalla PET-hydrolaser. Skreddarsydd forbetring av aktiviteten og stabiliteten til enzyma gjennom genteknologi kan gi grunnlag for sikring av immaterielle rettar, og ulike forretningsmodellar for bruk av enzyma skal vurderast på sikt, forklarer Charnock. 

Med støtte frå Noregs forskingsråd vil enzyma bli produserte, testa og forbetra. Dei nye enzyma blir så samanlikna blant anna med enzymet som blir nytta i PET-resirkulering ved CARBIOS-anlegget i Frankrike.

Grøn omstilling og bioteknologi

– Prosjektet er eit godt eksempel på at OsloMet si nye satsing på grøn omstilling også kjem til å omfatte utvikling av nye teknologiar, spesielt bioteknologi som utgjer ein vesentleg del av både laboratorieforsking og -utdanningar ved Fakultet for helsevitskap og Fakultet for teknologi, kunst og design, forklarer Charnock.

– I tillegg til ekstern finansiering har prosjektet fått positiv omtale frå både Bellona og Emballasjeforeningen som har sagt seg villig til å dele funn frå prosjektet, avsluttar professoren. 

I tillegg til Colin Charnock deltar Hege Tunsjø, Per Ola Rønning, Silvia Pulido og Steinar Olberg i prosjektet.

Forskningsgruppa høyrer til Institutt for naturvitskapelege helsefag.

Publisert: 23.10.2025 | Marit Christiansen