Utsnitt av Arendal sentrum sett fra luften med sjøen i bakgrunnen

NIBR på Arendalsuka

By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet stiller med fem arrangement på Arendalsuka, 12. og 13. august.

Måndag finn du oss på hovudscena, når Arendalsuka tek debatten om korleis norske kommunar løyser rekordtilstrøyminga av flyktningar, og tysdag held me fire spennande seminar om ressursknappleik i kommunane.

Knappe ressursar – store behov

Noreg har vorte det mest attraktive nordiske landet for ukrainarar på flukt frå krigen, og no varslar stadig fleire kommunar om knappleik på bustader og press på kommunale tenester.

Kommunane har sagt ja til å busetja om lag 27.000 ukrainarar i år, men det er ikkje tilstrekkeleg for å fylla dei 37.000 plassane staten har bede dei om.

Regjeringa varslar innstrammingar og opposisjonen vil ha kutt i integrering-budsjetta. Dei dyktige forskarane våre møter begge partar på hovudscena i Arendal måndag ettermiddag.

Men knappe ressursar i møte med flyktningar, er ikkje den einaste utfordringa som tærer på kommunars ressursar i år.

Både tap av natur, kamp om naturressursar, uro over ungdomsvald og samarbeid om å setja i verk EUs politikk er krevjande.

I seminar-serien «knappe ressursar – store behov» ser me på korleis kommunane kan løysa utfordringane. 

Fem på 'uka

Me har stilt dei fem ansvarlege forskarane for arrangementa fire spørsmål om tre viktige sider ved dei to dagane våre på denne einaren blant samfunnspolitiske festivalar i Noreg:

Vilde Hernes

Ukrainske flyktningar utgjer heile 1,5 prosent av befolkninga i Noreg. No som krigen i Ukraina held fram, må politikarane ta stilling til meir krevjande spørsmål.

Kva forskar du på?

– Eg forskar på mottak og integrering av innvandrarar generelt, og flyktningar spesielt.

Kva skal de snakka om på arrangementet deira?

– Me skal snakka om korleis det går med mottaket av ukrainske flyktningar i Noreg – og kva som er dilemmaa og utfordringane framover (arendalsuka.no).

Kvifor bør folk komma og høyra på?

– Ukrainske flyktningar utgjer no heile 1,5 prosent av befolkninga i Noreg. Så langt har det vore stor politisk semje i korleis Noreg skal ta imot denne gruppa, men no som krigen i Ukraina held fram, må politikarane ta stilling til meir krevjande spørsmål. Folk bør komma både for å få fakta om denne store nye innvandrargruppa, og for å høyra kva politikarane tenkjer at politikken for denne gruppa bør vera – no og i framtida.

Kva er det beste med Arendalsuka?  
– Politikk og fagleg påfyll i herleg Sørlandsidyll – det er festivalen for samfunnsengasjerte nerdar!

Laster inn ...

Mikkel Berg-Nordlie

Dette er ein av dei aller mest brennbare politiske felta i Noreg dei siste åra, og me har invitert inn spennande folk til å klargjera saka.

Kva forskar du på?

– Minoritetars organisering og representasjon, særleg urfolk.

Kva skal de snakka om på arrangementet deira?

Konfliktar mellom vindkraftutbygging og reindrift (arendalsuka.no), særleg rolla til kommunane i det heile.

Kvifor bør folk komma og høyra på?

– Dette er ein av dei aller mest brennbare politiske felta i Noreg dei siste åra, og me har invitert inn spennande folk til å klargjera saka frå ulike sider. Det blir også opning for spørsmål frå salen om du sjølv har noko du vil seia.

Kva er det beste med Arendalsuka?

– Sist gong var det maten som NoMad FoodLab serverte i lavvoen oppe på  berget. Meir generelt er det at forsking og politikk får ein sjeldan god sjanse til å møtast på Arendalsuka.

Laster inn ...

Stian Lid

Det førebyggjande arbeidet trengst å bli forbetra i mange kommunar i Noreg.

Kva forskar du på?

– Eg forskar på førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.

Kva skal de snakka om på arrangementet deira?

– Representantar frå kommunar og forskarar skal snakka om korleis forbetra det førebyggjande arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet (arendalsuka.no).

Kvifor bør folk komma og høyra på?

– Barne- og ungdomskriminalitet er viktig å førebyggja, og det førebyggjande arbeidet trengst å bli forbetra i mange kommunar i Noreg.

Kva er det beste med Arendalsuka?

– Arendalsuka legg til rette for kunnskapsdeling og diskusjon mellom avgjerdstakarar, praktikarar, forskarar, media og offentlegheita.

Laster inn ...

Marthe Indset

Me byggjer ned alt for mykje natur i Noreg, utan at me kjenner konsekvensane. Det gjer at kritiske naturgode går tapt.

Kva forskar du på?

– Eg forskar på miljøpolitikk og fleirnivåforvaltninga.

Kva skal de snakka om på arrangementet deira?

– Me skal snakka om kva grep me må gjera i arealforvaltninga for at ho skal bli meir berekraftig. Me byggjer ned alt for mykje natur i Noreg, utan at me kjenner konsekvensane (arendalsuka.no). Det gjer at kritiske naturgode går tapt, som til dømes myr som bind karbon, skog som reinsar luft, open mark som regulerer flaum.

Kvifor bør folk komma og høyra på?

– Me har ei igangverande naturkrise, samtidig som me byggjer ned naturareal i eit markant tempo. I Noreg er kommunane den primære arealstyresmakta. Skal me avgrensa nedbygginga av naturen, må det skje gjennom den kommunale arealplanlegginga. På Arendalsuka får me besøk av spennande gjester, som diskuterer utfordringane og kva dei gjer med dei.

Kva er det beste med Arendalsuka?  

– Arendalsuka har vorte ein viktig møteplass der kunnskapsleverandørar kan få høve til å møta praksisfeltet.

Laster inn ...

Ole Andreas Danielsen

Vi presenterer ferske forskingsfunn og konkrete lokale erfaringar med eit saksfelt som berre vil bli viktigare.

Kva forskar du på?

– Eg er forvaltningsforskar og studerer lokal, nasjonal og overnasjonal (dvs. EU) forvaltning, med ei særleg interesse for korleis dei tre er kopla saman.

Kva skal de snakka om på arrangementet deira?

– På arrangementet vårt skal me snakka om korleis kommuneforvaltninga i Noreg blir ramma av, og arbeider med, EU/EØS-saker (arendalsuka.no). Me vil presentera funn frå eit større forskingsprosjekt som går mot slutten og me vil også ha innlegg frå representantar for kommunesektoren om kva EU betyr for ein norsk kommune og korleis dei jobbar med t.d. EU-prosjekt og inngår i ulike europeiske samarbeidsnettverk.

Kvifor bør folk komma og høyra på?

– Kommunesektoren fell ofte litt i bakgrunnen i debatten om Noregs forhold til EU – på NIBRs arrangement får du både presentert ferske forskingsfunn og konkrete lokale erfaringar med eit saksfelt som berre vil bli viktigare i tida framover.

Kva er det beste med Arendalsuka?  

– Det beste med Arendalsuka er at det er ein unik møteplass, med eit solid og rikt program. 

Laster inn ...

NIBR-forskarar på andres arrangement

Dei dyktige forskarane våre deltek også på mange andre arrangement under Arendalsveka:

Du får og sjå Stian Lid i debatt om ungdomskriminalitet og utanforskap onsdag, i regi av Osloskolen (arendalsuka.no).

Ein av våre ferskaste forskarar, og arendalitt, Åsne Øygard Danielsen, deltek i debatten Frå forskjellsbehandling til inkludering: Korleis sikre like moglegheiter for alle flyktningar? i regi av LIN – Likestilling, inkludering og nettverk.

Vår dyktige forskar, sosiolog Oleksandra Deineko, deltek på arrangementet vårt på Hovedprogrammet til Arendalsveka om ukrainske flyktningar i Noreg. Ho deltek også i debatten om Ukraina: Bistand og gjennoppbygging mens bombene faller (Arendalsuka.no) i regi av Norad. 

Gro Sandkjær Hanssen drøftar korleis me skal utvikla bygd og by når naturen må bevarast tysdag morgon, i regi av Bygg Arena Arendal (arendalsuka.no).
 
I tillegg skal ho snakka om storbypolitikarane har gitt frå seg makta i bustadpolitikken onsdag, også det i regi av Bygg Arena Arendal (arendalsuka.no).

Ho skal også delta på debatt i regi av Universitetet i Bergen: Kampen om naturen – når bør vernet vinna? (arendalsuka.no) og i den store kollektivdebatten i regi av Kollektivtrafikkforeningen m. fl. (arendalsuka.no).

I tillegg finn du Gro på arrangementet til KS, Naturvernforbundet og NHO om Korleis reddar me naturen? (arendalsuka.no) og i ein samtale med Sabima om Korleis blir Noreg arealnøytralt? (arendalsuka.no)

Saman med Miljømerking Norge – Svanemerket skal ho også diskutera om byggjebransjen må på rehab? Me snur den mest klimavennlege byggjesteinen i verda (arendalsuka.no).

I tillegg deltek den dyktige bustadforskaren vår, Mari O. Mamre, på måndag-arrangementet Småbruksdrømmen - fact or fiction? (arendalsuka.no) i regi av Finn.

Publisert: 15.05.2024 | Tone Thorgrimsen