Portrettbilete av forskaren Helge Renå som ser i kamera og smiler.

NIBR skal finne gode løysingar for flyktningintegrering ved høge innkomstar

NIBR skal undersøkje korleis Noreg best kan hjelpe flyktningar raskt ut i jobb når mange kjem samtidig, og finne løysingar som både fungerer godt og blir opplevde som meiningsfulle.

By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet har fått i oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet å sjå på korleis Noreg kan styrkje beredskapen for å kvalifisere flyktningar ved framtidige høge innkomstar.

Målet er å utvikle tiltak som er både effektive og relevante for kommunar, NAV og flyktningane sjølve.

Prosjektet tek utgangspunkt i erfaringar frå tidlegare krisesituasjonar, som flyktninginnkomstane i 2015 og etter 2022, og ser spesielt på korleis introduksjonsprogrammet og norskopplæringa kan tilpassast når mange kjem på kort tid.

Det handlar om å finne løysingar som kan skalerast raskt og tilpassast ulike behov.

– Vi står overfor eit felt der neste krise sjeldan er lik den førre. Difor må beredskapsløysingane vere fleksible, skalerbare og tilpassa ulike scenario, seier prosjektleiar Helge Renå.

Tett samarbeid med nøkkelaktørar

Utgreiinga byggjer på brei erfaring og data frå tidlegare og pågåande forskingsprosjekt.

Gjennom litteraturstudium, intervju, og arbeidsseminar med nøkkelaktørar skal NIBR kartleggje utfordringar og vurdere kva løysingar som kan fungere best under ulike forhold.

– Vi legg stor vekt på å inkludere både førstelinje og nasjonale aktørar i arbeidet. Det gir oss innsikt i kva som faktisk fungerer i praksis, og kva som blir opplevd som meiningsfullt og nyttig for flyktningane, understrekar Renå.

Prosjektet blir leia av eit erfarent team med kompetanse på integrering, beredskap og offentleg styring.

Sluttrapporten skal gi myndigheitene eit godt kunnskapsgrunnlag for å styrkje beredskapen og sikre rask og god integrering av flyktningar i framtidige situasjonar med høge flyktninginnkomstar.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 14.10.2025 | Kristin Horn Talgø