Portrettbilete av forskar Arne Holm som ser i kamera og smiler.

Mange kjenner til mykje, men ingen har oversikta – no blir kulturlokala i Noreg kartlagde

Kva veit vi eigentleg om behovet for kulturlokale i Noreg? Eit nytt prosjekt skal oppsummere og vurdere eksisterande kunnskap om lokale som blir brukte – og manglar – i kulturfeltet.

Kulturrom er den nasjonale tilskotsordninga som støttar kulturlokale og teknisk utstyr for musikk, teater og dans over heile landet. Dei har gitt By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet i oppdrag å gjennomføre ei omfattande kunnskapsoppsummering om kulturlokale i Noreg.

Prosjektet skal gå gjennom og vurdere tilgjengeleg forsking, statistikk, rapportar og dokumentasjon om både bruken av ulike typar kulturlokale og behova som melder seg i kultursektoren.

– Det finst mykje enkeltdokumentasjon og praksiskunnskap om kulturlokale, men ingen samla oversikt, seier prosjektleiar Arne Holm.

Han legg til:

– Målet er å få eit heilskapleg bilete av kva slags lokale som finst, kven som bruker dei og kvar behova er størst.

Prosjektet omfattar både profesjonelle og frivillige kulturaktivitetar, frå musikk og scenekunst til andre kulturelle uttrykk i lokalsamfunn, organisasjonar og institusjonar.

Kva finst – og kva manglar?

Eit hovudmål i prosjektet er å gi ei systematisk oppsummering av kva typar lokale som blir brukte i dag, og kor godt dei eignar seg for ulike delar av kulturfeltet.

Forskarane skal mellom anna sjå på:

– Behovet for kulturlokale varierer enormt mellom sjangrar, organisasjonsformer og stader. Difor er det nødvendig med ei brei og strukturert tilnærming for å forstå heilskapen, seier Holm.

Modellar for arenautvikling

Prosjektet skal òg drøfte ulike modellar for korleis kulturarenaer kan utviklast, eigast, finansierast og drivast. Det finst mange variantar i dag – frå kommunale kulturscener til privateigde øvingslokale og samskapte frivilligheitsarenaer.

Analysane skal mellom anna sjå på:

– Kulturlokale blir utvikla i eit komplekst landskap av eigarskap, økonomi, reguleringar og samarbeid. Vi ønskjer å synleggjere kva som fungerer – og kvar det oppstår utfordringar, seier Holm.

Korleis fungerer verkemiddelapparatet?

Eit sentralt spørsmål i prosjektet er korleis dagens støtte- og tilskotsordningar fungerer for etablering og drift av kulturlokale.

Forskarane skal, med utgangspunkt i føreliggande studiar, sjå på:

– Vi skal sjå på om verkemiddelapparatet treffer behova slik dei faktisk ser ut i praksis. Målet er å gi eit kunnskapsgrunnlag som kan brukast direkte i vidare utvikling av tilbod og ordningar, seier Holm.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 20.03.2026 | Kristin Horn Talgø