Portrett av Christine Yangco Helland.

Nominert til Heddapris

Universitetslektor i drama og regissør Christine Yangco Helland, er nominert til Heddapris for beste ungdomsframsyning med “Passer min beat?”.

Framsyninga er eit samarbeid mellom teaterstudentane på Nordic Black Express og Det Norske Kammerorkester. Stykket blei spelt på Kloden teater i mai. "Passer min beat?" utforskar kva flokkmentalitet, individualitet og identitet betyr for oss. 

Korleis kjennest det å bli nominert til Heddaprisen?  

– Det kjennest overveldande og gjævt! Komponist og musikalsk ansvarleg, Håkon Berge, felte ei lita tåre då vi fekk vite det. Ensemblet var rett og slett litt høge på glede i går, smiler Helland. 

– Samtidig var det òg nokon som ikkje visste kva Heddaprisen er, så det var ekstra gøy å forklare dei kor stas det er å vere nominert til denne prisen.  

Heddaprisen er ei feiring av norsk scenekunst og har som formål framme kunstnarisk kvalitet og heidre framifrå prestasjonar. Årets utdeling er den 26. i rekkja og går føre seg på Oslo Nye Teater søndag 16. juni.  

Tre personar står på rekke i lik overall med armane ut til sida.

Frå forestillinga "Passer min beat?". Foto: Ingrid Fadnes

Passer min beat? 

– Denne framsyninga er jo eit møte mellom to grupper som kjem frå ulike verder; klassiske musikarar frå Det Norske Kammerorkester og teaterstudentar frå Nordic Black Express, fortel Helland.  

– Prosessen har vore prega av å undersøkje dette møtet, og korleis vi som eit kollektiv kunne skape noko saman.  

– Det tek tid å bli kjend med kvarandre, og klassisk musikk og teater er to veldig ulike disiplinar som krev ulik tilnærming. Å finne eit felles arbeidsspråk som alle kan forhalde seg til har til tider vere utfordrande, men alle involverte har vore utruleg rause og tolmodige med kvarandre. 

Arbeidet med stykket har gått føre seg i ein periode over to år.   

– Vi hadde spreidde workshops over tid og deretter ein samanhengande månad med jobbing før premieren, forklarer regissøren.  

– Møtet mellom musikk og teater har vore ei leikande undersøking, med både improvisasjonen til skodespelarane over musikk, og musikk-improvisasjon over teater – i ein slags loop av materialeutveksling. 

– Det har vore ei heilt unik oppleving å vere ein del av eit prosjekt der alle har hatt enorm tillit til kvarandre, der alle har delt ein beat av seg sjølv, og kor vi heile tida har jobba med å skape materiale som har vore sant for oss, fortel Helland.  

Bilete frå forestillinga.

Frå forestillinga "Passer min beat?". Foto: Ingrid Fadnes

Inspirerande samarbeid 

Til dagleg jobbar Helland som universitetslektor i drama ved Institutt for estetiske fag (EST), og underviser mellom anna på bachelor i drama- og teaterkommunikasjon, hovudsakleg i emnet «verkemidla til skodespelaren». Frå hausten 2025 vil ho òg overta ansvaret for halvårsemnet i regi.  

Instituttleiar Liv Dahlin ved Institutt for estetiske fag er stolt og glad over Heddanominasjonen.  

– Dette er skikkeleg stas, smiler Dahlin.  

– At den viktige og flotte jobben Christine har gjort saman med samarbeidspartnarane sine, får ei slik anerkjenning er både overveldande og gjer oss på instituttet stolte.   

– Dette gir oss inspirasjon til å halde fram med å søkje samarbeidspartnarar rundt oss i Oslo. At dei fagleg tilsette på instituttet samarbeider eksternt og breitt, er òg med på å styrkje undervisninga og den faglege utviklinga av drama og teaterfaget på EST, understrekar instituttleiaren.   

(Toppbiletet av Christine Helland er teken av Heiða Guðmundsdóttir.) 

Publisert: 08.06.2024 | Hilde M. Kringeland