Tema for årets konferanse var "Relational Design". Forskarar, praktikarar og studentar frå heile Norden og totalt 34 ulike land, utforska korleis design kan bygge samband og møte samfunnsutfordringar i ei tid prega av økologiske og systemiske kriser.
Fagleg spennvidde
Deltakarane fekk presentert forsking som spente frå sosial rettferd til rolla til maten i relasjonelle praksisar. Programmet inkluderte både tradisjonelle presentasjonar og den eksperimentelle "Making Relations-sesjonen", som oppmuntra til kollektiv refleksjon.
Doktorgradsstudentar hadde ei eiga samling, mens tolv interaktive workshops gav praktiske inngangar til tema som regenerative praksisar, designpedagogikk, medborgarskap og rolla til teknologien i utforminga av framtiden.

Deltakerne kunne være med på ulike workshoper.
Viktig regional og internasjonal møteplass
Alma Leora Culén (UiO), Laurence Habib (OsloMet) og Andrew Morrison (AHO) leidde konferansen som blei koordinert av Maryam Kaviani (OsloMet).
– Nordes 2025 var ei storhending med dobbelt så mange deltakarar som tidlegare år, fortel Andrew Morrison (AHO).
– Konferansen fortset å vere ein viktig regional og internasjonal arena for designundersøkingar og nettverksbygging. Vi har fått utruleg mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane i år, fortel han.
– Mange framheva konferansen som både intellektuelt stimulerande og personleg berikande.
Nordes 2025 viste ikkje berre breidda og djupna i relasjonell designforsking, men bekrefta også Nordens leiande rolle i å forme bidraget designet hadde til demokratiske, økologiske og teknologiske overgangar.
– Det er berre å gle seg til Nordes 2027, seier Morrison!

Andrew Morrison (AHO) og Laurence Habib (OsloMet) leidde konferansen sammen med Alma Leora Culén (UiO).
Tankevekkande utstilling
Utstillinga "Relational Design Exhibition" var open under heile konferansen. Den presenterte seks tankevekkande verk.
Publikum møtte blant anna responsive tekstilar aktivert av ultrafiolett energi, materialutforskingar av teknologisk førestillingsevne og kritiske refleksjonar rundt samspelet mellom kunstig intelligens, politikk og profitt.
Andre bidrag samla lokale designforteljingar, spora historiske lag av relasjonelle perspektiv og samskapt naturinspirerte verk saman med bebuarar på sjukeheimar.
Utstillinga blei eit av dei mest omtalte høgdepunkta til konferansen, fortel vertskapet.

Eit av verkene på utstillinga Relational Design Exhibition.