Sidsel Natland og Håvard Aaslund framfor ein OsloMet-bygning.

Ny bok: Vil gjere aksjonsforsking tilgjengeleg for fleire

Ei ny bok om aksjonsforsking viser korleis forsking kan skape konkrete endringar i samfunnet når forskarar samarbeider med innbyggarar.

– Det finst mykje litteratur om aksjonsforsking, men i Noreg har han vore veldig fag-spesifikk, og gjerne knytt til skole og barnehage. Vi meiner det trengst ei bok som gir ei generell innføring i kva aksjonsforsking er og som har eksempel frå fleire fagfelt, seier Sidsel Natland ved Institutt for sosialfag.

Natland og Håvard Aaslund, begge frå Institutt for sosialfag, har saman med Sissel Seim (Seniorseteret) og Tor Slettebø (VID vitskapelege høgskole) skrive boka «Aksjonsforskning», som er del av Cappelen Damm sin serie om forskingsmetodar.

Skape forandring gjennom handling

Aksjonsforsking handlar både om å utvikle kunnskap om eit fenomen og bidra til endring gjennom handling.

Forskarane studerer ikkje fenomenet utanfrå, men er med på å påverke og utvikle det.

– På mange måtar liknar det på korleis ein løyser problem elles i livet. Eg opplever at ein forstår meir når ein prøver å forandre noko enn når ein berre studerer det, seier Aaslund.

Etterspurd forsking

Forfattarane viser til at samfunnet etterspør meir praksisnær forsking og forsking som involverer både praktikarar og folk med eigne erfaringar.

– Aksjonsforsking er ein systematisk metode for å gjere dette, seier Aaslund

Han peikar også på den aukande merksemda om samfunnseffekten av forsking.

– Det er også i tida. Ein har blitt meir oppteken av at forskinga skal ha ein effekt og bidra til samfunnsforbetringar. Det gjer aksjonsforsking særleg relevant.

– Enten det er snakk om barnehagar, sosialt arbeid, Nav eller byplanlegging, handlar det til sjuande og sist om å utvikle gode tenester, seier Natland.

Nærbilde av boka «Aksjonsforskning»

Boka «Aksjonsforskning» er del av Cappel Damm sin serie om forskingsmetodar. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Involverer dei det handlar om

I aksjonsforsking samarbeider forskarane tett med brukarane av tenester eller andre med relevant erfaring

– Det er ei tilnærming som trekker inn dei det faktisk handlar om. Dei er med på å definere kva problemet er, og kva som kan vere løysinga, seier Natland.

– Når du som forskar arbeider tett saman med deltakarane, kan det skje mange uventa ting. Det er ein del av metodologien å prøve å forstå kva som skjer, forklarer ho. 

I brukarinvolveringa ligg det også ein tankegang om myndiggjering.

– Når ein vurderer kvaliteten på forskinga, ser ein ikkje berre på kva som kjem ut av den. Effekten av å delta i forskinga er også viktig.

Forankra i vitskapsteori

Forskarane understrekar at dei har vore opptekne av at boka skal vere forankra i vitskap og gå grundig inn i vitskapsteorien bak aksjonsforsking.

– Sjølv om ein nærmar seg forsking på ein litt annan måte, skal ein kunne gjere like godt greie for den vitskaplege prosessen som i anna forsking, seier Aaslund.

– Vi beskriv historikken og kor dette kjem frå, kvifor ein skal gjere det og samfunnsnytta i det, og korleis det kan gjerast. Derfor inneheld boka også eksempel på metodar, seier Natland.

Vil nå ut til folk i praksisfeltet

I tillegg til forskarar og studentar ønsker forfattarane å nå ut til folk i praksisfeltet.

Ein grunnidé med boka er at ho inneheld mange litteraturreferansar som gjer at lesaren kan gå vidare inn i sitt konkrete fagfelt.

– Eg håpar tilsette i ulike profesjonar og i frivillige organisasjonar og lokalsamfunn, som ikkje nødvendigvis er forskarar av yrke, vil oppleve boka som tilgjengeleg og sjå at dette er noko dei også kan gjennomføre, seier Natland.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 13.10.2026 | Kristine Welde Tranås