– Dei åtte utvalte prosjekta viste fram innovasjon og nyskaping frå eit breitt fagfelt med journalistikk, ingeniørfag, helse, design, samfunnsvitskap og berekraft. Dei er valt ut på basis av blant anna potensial for ekstern finansiering, samarbeid og praktisk nytte seier prorektor Carl Thodesen etter kickoff for innovasjonsideane.
Frå energiovervaking til traumesensitiv omsorg
Prosjekta spenner over eit breitt felt – frå automatisert uttak av informasjon til undersøkande journalistikk, energiovervaking i sanntid, offshore-installasjonsløysning for spiralforma botnfeste, til meir relasjonelle prosjekt som å styrke vegar til sysselsetting gjennom samskaping med NAV og å handsame og bidra til gode relasjonelle dimensjonar i lokale utviklingsprosjekt.
Fleire av prosjekta er innanfor helse- og teknologifeltet, som treningsspel for rehabilitering av pediatrisk hjerneskade, integrert 3D-printing av pasienttilpassa hjelpemiddel og traumesensitiv somatisk omsorg for flyktningar.
– Styrker samhandlinga med samfunnet
– Prosjekta har sterke partnarskap både internt på universitetet, og ikkje minst eksternt med sentrale aktørar som Norsk rikskringkasting (NRK), NGI - Norges Geotekniske Institutt, Statens vegvesen, Nesodden kommune, Sunnaas sjukehus HF, Oslo kommune, Nav og Multiconsult. Det styrker samhandlinga og bidraget vårt til samfunnet, seier forskingsdirektør Bjørn Tore Kjellemo.
Det vil komme årlege utlysingar og finansieringsmoglegheiter, noko som forsterker OsloMet sin ambisjon om å dyrke eit levande økosystem for innovasjon og samfunnspåverknad.
Desse prosjekta har fått støtte
- Empire Mapper. Automated Extraction of Corporate Ownership Structures for Investigative Journalism. Prosjektleiar: Roy Thowsen Krøvel ved Institutt for journalistikk og mediefag.
- HYBERSYMM - Hybrid Energy-Aware Real-Time Asymmetry Monitoring System. Prosjektleiar: Ali Muhtaroglu ved Institutt for maskin, elektronikk og kjemi.
- HeliNor: Innovative Installation System for Helical Piles in the Norwegian Offshore Industry. Prosjektleiar: Chuangxin Lyu ved Institutt for bygg- og energiteknikk.
- AdaptEx - Adaptive Exergame for Pediatric Brain Injury Rehabilitation. Prosjektleiar: Trust Saidi ved Institutt for produktdesign.
- Samskap - Samskapt vei til arbeid: Kvalitetsindikatorer for Hybridmodellen i Nav. Prosjektleiar: Heidi Enehaug ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI.
- Integrert 3D-printing av pasienttilpassede hjelpemidler. Prosjektleiar: Morten Ødegård ved Institutt for maskin, elektronikk og kjemi.
- TRUST: Transforming Relations in Urban Sustainability Transition. Prosjektleiar: Cecilie Sachs Olsen ved Institutt for estetiske fag.
- Trauma-sensitive somatic care for refugees exposed to torture. Prosjektleiar: Ana Carla Soares Portugal Schippert ved Institutt for sykepleie og helsefremmende arbeid.