Prosjektet har fått 11,8 millionar frå Noregs forskingsråd som samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv under temaet Demokrati og global utvikling.
Prosjektet skal leiast ved SIFO, OsloMet, med fleire partnarar i akademia, matsektoren og næringslivet. Arne Dulsrud ved SIFO er prosjektleiar.
– I prosjektet hentar vi vår definisjon av matsikkerheit frå Roma-toppmøtet sin deklarasjon i 1996, som slår fast at matsikkerheit betyr at heile befolkninga alltid har fysisk og økonomisk tilgang til tilstrekkeleg, trygg og næringsrik mat.
Det seier seniorforskar Gunnar Vittersø ved SIFO, som har ein sentral rolle i det nye prosjektet.
Auke sjølvforsyning og styrke kunnskap
– Vi ønsker å undersøke om lokalsamfunna er tilstrekkeleg forberedt på ein krise eller situasjon kor nettopp matsikkerheiten er trua, til dømes i form av at forsyningslinjene sviktar eller at maten blir uakseptabel dyr for heile eller deler av befolkninga.
Forskarane har nokre klare idear om kva prosjektet kan bidra med.
– For det første ønsker vi å styrke kunnskapen om matforsyning og beredskap blant norske hushald, seier Vittersø.
– Prosjektet skal også bidra til å auke medvitet på samfunnsnivå om korleis lokal matproduksjon og distribusjon kan bidra til å styrke matsikkerheit og beredskap lokalt og nasjonalt.
Se forskingsrådet sin pressemelding (forskningsradet.no)