Totalt 10271 søkarar har fått studieplass ved OsloMet frå hausten, og det er ei auke på nesten to prosent frå fjorårets rekordopptak.
– OsloMet utdannar yrkesutøvarar samfunnet er heilt avhengig av. Derfor er det flott å sjå at stadig fleire søker seg til profesjonsutdanningane våre som gir etterspurd kompetanse og moglegheit til å gjere ein forskjell for fellesskapet, seier prorektor for utdanning, Silje Fekjær.
Auka poenggrenser på sjukepleie
Sjukepleie er den mest populære utdanninga på OsloMet, med til samen 1589 kvalifiserte førstevalsøkarar til dei to studiestadene og deltidsutdanninga.
Konkurransen om plassane er stor, og poenggrensene har auka på sjukepleiarutdanningane både i Oslo og på Kjeller til høvesvis 47,1 og 45,8 konkurransepoeng. Søkarane på deltidsutdanninga på Kjeller måtte i år ha 55 konkurransepoeng for å få studieplass.
Også dei andre helseutdanningane er svært populære blant søkarane, og fleire har høge poenggrenser. På ortopediingeniør er poenggrensa i år 58,8 og studiet er dermed den bachelorutdanninga på OsloMet det er vanskelegast å komme inn på. Også paramedisin, fysioterapi, radiografi og bioingeniør har mange søkarar per studieplass og høge poenggrenser.
– Behovet for kvalifisert helsepersonell er stort og vil auke i åra som kjem. Eg er glad for at søkarane ser ut til å ha valt med både hjarte og hjerne og at så mange ønsker å ta utdanninga sin ved OsloMet, seier Fekjær.
Dei sosialfaglege utdanningane fortset trenden med mange kvalifiserte søkarar. Poenggrensa blei i år 53,8 på sosialt arbeid og 48,8 på barnevern. Vernepleiarutdanninga på Kjeller har auka poenggrensa med tre prosentpoeng, til 46,4.
Over 1400 studentar har i år fått plass på OsloMet sin studiestad på Kjeller, og dette er ei auke samanlikna med 2025.
Fleire vil bli lærar
På lærarutdanningane er det noko større konkurranse om plassane enn i fjor, og det er særleg grunnskolelærarutdanninga for 1. til 7. trinn og lærarutdanninga i kroppsøving og idrettsfag som har auka popularitet.
– Eg er glad for at trenden har snudd og at fleire søker seg til desse viktige utdanningane. I år reknar vi med å fylle opp alle studieplassane på lærarutdanningane, seier Fekjær.
Fleire kvinner på bygg og maskin
Blant teknologiutdanningane er årsstudiet i informasjonsteknologi populært, med ei poenggrense på 58,3. Det har også vore stor konkurranse om plassane på bachelor i anvendt datateknologi.
På ingeniørutdanninga i bygg er no over 30 prosent av dei nye studentane kvinner. Også på maskiningeniørstudiet har fleire kvinner enn før fått plass.
Rift om plassane på medie- og arkivstudium
OsloMet sine studietilbod i arkivvitskap og dokumentasjonsforvaltning held fram med å auke i popularitet. Årsstudiet i dokumentasjonsforvaltning har i år åtte søkarar per studieplass, og ei poenggrense på 56,9, medan bachelorstudiet i arkivvitskap har meir enn tre gonger så mange søkarar som talet på plassar. Her har poenggrensa auka med tre prosentpoeng til 48,5 sidan i fjor.
Mediestudia har også god søking. Både journalistutdanninga, bachelor- og årsstudia i medium og kommunikasjon, og årsstudiet i design og kommunikasjon i digitale medium har poenggrenser på godt over 50. Aller størst rift om plassane er det på årsstudiet i medium og kommunikasjon, med 62,8 poeng.
Mange søkarar til Handelshøgskolen
Ved sida av sjukepleiarutdanninga er bachelorstudiet i økonomi og administrasjon det enkeltstudiet som har flest førstevalsøkarar. 1121 kvalifiserte førstevalsøkarar konkurrerte om dei 280 studieplassane, og poenggrensa enda på 52,8.
Dei andre utdanningane ved OsloMet sin handelshøgskole har også stor konkurranse om plassane.
Rekordopptak til master
Svært mange ønsker å ta ein master ved OsloMet i år, og heile 5058 søkarar har fått tilbod om plass. Fleire av spesialiseringane i sjukepleie er svært populære.
Også master i økonomi og administrasjon og fleire av spesialiseringane innanfor IT peiker seg ut.
– Det er fint å sjå at studentane vel masterutdanningar som gir spesialkompetanse samfunnet treng, blant anna innanfor teknologi og helsefag, seier Fekjær.
Ti på topp: poenggrenser OsloMet (ordinær kvote)
- Økonomi og leiing, årsstudium, 62,9
- Medium og kommunikasjon, årsstudium, 62,8
- Ortopediingeniør, bachelor, 58,8
- Informasjonsteknologi, årsstudium, 58,3
- Bibliotek- og informasjonsvitskap, årsstudium, 58,2
- Kunst og design, mote og produksjon, bachelor, 56,9
- Dokumentasjonsforvaltning, årsstudium, deltid, 56,9
- Paramedisin, bachelor, 56,5
- Radiografi, bachelor, 56,5
- Bioingeniør, bachelor, 56,4
Ti på topp: Kvalifiserte førstevalsøkarar
- Økonomi og administrasjon, bachelor 1121
- Sjukepleie, Oslo, bachelor, 1080
- Fysioterapi, bachelor, 859
- Sosialt arbeid, bachelor, 758
- Administrasjon og leiing i offentleg verksemd, bachelor, 517
- Barnevern, bachelor, 486
- Anvendt datateknologi, bachelor, 430
- Dokumentasjonsforvaltning, deltid, årsstudium, 371
- Vernepleie, bachelor, 371
- Radiografi, bachelor, 360
Ti på topp: Førstevalsøkarar per studieplass
- Medium og kommunikasjon, årsstudium, 10,3
- Økonomi og leiing, årsstudium, 9,3
- Dokumentasjonsforvaltning, deltid, årsstudium, 8,0
- Radiografi, bachelor 7,8
- Paramedisin, bachelor, 7,3
- Kunst og design - mote og produksjon, bachelor, 7,1
- Fotojournalistikk, bachelor, 5,3
- Sjukepleie, deltid, bachelor, 5,2
- Bibliotek- og informasjonsvitskap, årsstudium, 4,6
- Medium og kommunikasjon, bachelor, 4,6