To studentar frå studentbedrifta Oslo Analytics står lent mot eit rekkverk.

Oppstartsbedrifter får støtte

Tre bedrifter starta av studentar knytt til OsloMet får inntil ein million kroner kvar frå Innovasjon Noreg.

Innovasjon Noreg deler ut 26 millionar kroner til bedrifter som er starta av master- og doktorgradsstudentar.  

Bedriftene får inntil ein million kroner kvar for å sikre vidare satsing og vekst, skriv Innovasjon Noreg på nettsidene sine (innovasjonnorge.no).

Frå OsloMet var det sendt inn seks STUD-ENT-søknader. Søknadene utgjorde 10 prosent av i alt 60 søknader frå 14 studiestader.

Alle søknader og prosjekt frå OsloMet har ei tilknyting til masteren i entreprenørskap ved Fakultet for samfunnsvitskap. Enkelte av prosjekta er også knytt til fagmiljø på Fakultet for teknologi, kunst og design.

OsloMet fekk innvilga tre STUD-ENT-søknader i år. Det er den største tildelinga OsloMet har fått sidan ordninga starta i 2016. OsloMet ligg dermed på linje med Universitetet i Oslo, UiT og NMBU i talet på tildelingar i år. Alle som får støtte frå STUD-ENT får også tilbod om ein mentor finansiert av Innovasjon Noreg.

Oppstartsbedriftene knytt til OsloMet som får pengestøtte frå Innovasjon Noreg er:

Innovative krefter

– Eg er veldig glad for at fleire av miljøa våre har lukkast med å få STUD-ENT-tilslag. OsloMet ønskjer å bidra med innovative og entreprenørielle krefter, , seier Carl Christian Thodesen, prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid ved OsloMet. 

– At vi lukkast i kampen om STUD-ENT-midlar er eit teikn på kvaliteten hos både studentane våre, og dei tilsette som leier og underviser i programmet.

Publisert: 13.05.2024 | Marianne Moss