Oversiktsbilde fra Pollen i Arendal med gamle trehus og båter.

OsloMet deler kunnskap under Arendalsuka

OsloMet er godt representert under Arendalsuka i august. Fleire fagmiljø har eigne arrangement, og både leiinga og fagpersonar deltek i andre sine paneldebattar. Sjå oversikten her.

12.–16. august blir den årlege politiske festivalen Arendalsuka arrangert, der politikarar og fagfolk, interesseorganisasjonar, veldedige organisasjonar og statlege etatar deltek med stands, seminarar og debattar.

OsloMet er som vanleg til stades med fleire eigne arrangement, og med forskarar, fagpersonar og leiinga som deltakarar i andre sine paneldebattar.

– Arendalsuka er ein viktig arena for å synliggjere at forskinga vår treff samfunnet breidt, seier rektor Christen Krogh.

– Det er flott at så mange miljø og fagpersonar frå OsloMet er til stades og presenterer forskinga si. Eg ser frem til å delta på fleire av arrangementa, og debattere viktige samfunnsspørsmål både i og utanom programmet, seir rektor.

Deltaking frå OsloMet

OsloMet bidrar med kunnskap innanfor eit breidt spekter av tema og fagfelt under Arendalsuka, som er viktige for utviklinga av samfunnet.

Blant temaa er arbeidsinkludering, heimekontor, ungdommens levekår, lærarane si rolle, ungdomskriminalitet, vindkraft mot reindrift, rusbehandling og vold i nære relasjonar.

Her treff du OsloMet under Arendalsuka

Rektoratet deltar i andre sine arrangement

Fakultet for samfunnsvitskap

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium

Fakultet for teknologi, kunst og design

By- og regionforskningsinstituttet NIBR

Arbeidsforskningsinstituttet AFI

Forbruksforskningsinstituttet SIFO

Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Foto: Mona Hauglid, Arendalsuka

Publisert: 11.06.2024 |