OsloMet har nye lokale på Holmlia Senter som er tilgjengeleg for deg som student eller tilsett. Her finn du arbeidsplassar, møtelokale, printer, eit lite dansegolv, sal for arrangement og utstyr, kjøkken og kaffimaskin.
Kven kan få plass?
OsloMet Holmlia tilbyr kontor- og møteplassar for alle studentar og tilsette, forskarar og stipendiatar.
Korleis finn du fram?
Ta toget til Holmlia stasjon og gå nokre få meter til Holmlia Senter. For å komma deg til lokala kan du gå gjennom Holmlia senter ved å følgja dei gule merka på golvet og gå ut bak Meny. Du kjem då på baksida av senteret der du tek til venstre for å finna døra med OsloMet-logo, og trappa eller heisen tek deg med opp til femte etasje.
Du kan også gå på utsida av senteret ved å følgja dei gule pilene.
Sjå også videoen som viser vegen til lokala (instagram.com).
Opningstider er 08.00-15.00
Du kan få tilgang til lokalet utover opningstidene med inngangskort. Du får eige inngangskort ved å visa fram ditt student- eller tilsettebevis i resepsjonen til bydelsadministrasjonen i sjette etasje.
Har du spørsmål om OsloMet Holmlia?
Me høyrer gjerne frå deg!