Portrett av Morten Ødegård og Anne-Marthe Olsen Sanders

OsloMet og Sunnaas kartlegg framtidas rehabilitering med 3D print og sensorar

Sunnaas rehabiliteringssjukehus og OsloMet testar om 3D-skanning, digital design (CAD), 3D printing og sensorteknologi kan gje raskare tilpassing, betre passform og meir treffsikker oppfølging i rehabilitering.

OsloMet og Sunnaas har over tid hatt eit tett samarbeid gjennom forsking og undervisning. No har prosjektet fått innovasjonsmidlar frå OsloMet, som ein del av det tematiske satsingsområdet "framtidas helse- og omsorgstenester", og skal med det takast til neste nivå.

Målet er ikkje berre betre hjelpemiddel, men kortare produksjonstid og meir tilpassa og målretta hjelpemiddel.

– Vi skal bringe kompetanse på teknologi inn i klinikken, der problemstillingane, pasientane og klinikarane er, fortel Morten Ødegård, senioringeniør ved OsloMet.

Kartlegging som fyrste steg

I denne piloten kartlegg OsloMet og Sunnaas korleis 3D-teknologi kan brukast til å løyse kliniske problemstillingar. Det inneber innkjøp av utstyr, kartlegging av regulatoriske krav, og strategisk forankring i institusjonen.

I løpet av 2026 skal det arrangerast workshopar med ergoterapeutar og pasientar, med fokus på makerspace og enkle hjelpemiddel. Meir avanserte hjelpemiddel, som individuelt tilpassa ortosar for hand og ankel, skal utforskast i piloten. Det vert enno ikkje testa på pasientar, men målet er at det vert gjort.

Sensorteknologi under utvikling

Sensorteknologi som kan måle rørsle, belastning og brukstid er ein del av det som skal utforskast, i dag først og fremst gjennom forsking og utdanning i studentprosjekt, i masteremne og masteroppgåver.

Målet på sikt er at slike data kan gje betre grunnlag for oppfølging, påminningar og visualisering av framgang.

Tett samarbeid mellom klinikarar og teknologar

Arbeidet vert gjort i tett samarbeid mellom klinikarar og teknologar. Slik kan idear og løysingar diskuterast og justerast undervegs.

– La oss seie at du skal spele kort, men slit med grepet i handa. Så kan ein sjå føre seg eit hjelpemiddel som gjer at du klarar å halde korta, eller kanskje eit objekt som du puttar ein penn eller blyant nedi, slik at du får eit betre grep.

Utdanning og forsking i same løp

OsloMet sin 3D lab og studentprosjekt er kopla tett på kliniske behov gjennom piloten. Studentane reiser ut til Sunnaas og presenterer løysingar for opp mot 40–50 klinikarar, seier Morten Ødegård.

Piloten kartlegg

Gruppebilete av sju klinikarar og teknologar. Klinikarane har kvite klede på, og vi ser litt av det tekniske utstyret.

Arbeidet vert gjort i tett samarbeid mellom klinikarar frå Sunnaas og teknologar frå OsloMet. Foto: Privat

Vegen vidare

Neste steg er å summere opp funna frå kartlegginga og workshopane. Viser resultata at det er grunnlag for det, kan piloten gå vidare til testing med pasientar, og etter kvart takast i bruk i fleire rehabiliteringsmiljø.

Les meir på elektronikknett.no: Mer effektiv rehabiliteringsprosess med 3D-print og sensorteknologi

Biletet øvst i artikkelen viser senioringeniør Morten Ødegård og fag- og forskningsansvarlig ergoterapeut ved Sunnaas sykehus, Anne-Marthe Olsen Sanders.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 11.08.2026 | Olav-Johan Øye | Foto: Privat