en hvit rose som ligger på en sten

Ottar Brox til minne

Med Ottar Brox' død er eit 40 år langt forhold ubønnhøyrleg over.

Hausten 1984 flytta Ottar Brox frå Tromsø til Oslo.

Han slutta i jobben som professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø, for å bli forskingsleiar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR.

På NIBR fekk han, som han sjølv seier i eit intervju med Halvard Vike (antropologi.org), «stor fridom til å prioritera mine eigne oppgåver og fått skrive langt meir enn det eg kunne ha gjort som universitetslærar».

Det var også ved NIBR han avslutta ein akademisk karriere få er forunnte, då han gjekk av med pensjon i 2001. Eller, han heldt fram mykje lenger. For kontorplassen, nysgjerrigheita, skriveevna og formidlingsgleda forsvann ikkje med lønna.

Heilt fram til NIBR flytta frå Forskningsparken til Bislett i 2016 var Ottar jamleg innom kontoret, og lunsjrommet, for å jobba, diskutera og testa ut nye hypotesar blant kollegaer. Nærværet på NIBR utover 2000-talet var ofte lagt slik at Ottar kom samtidig med Leif Arne Heløe – som også brukte mykje tid som pensjonist på NIBR.

Etter NIBR vart ein del av OsloMet og flytta til Bislett, vart besøka færre, men han var inntil nyleg innom oss for å møta gamle kjende og diskutera.

Med Ottar Brox' død fredag 16. februar er eit 40 år langt forhold ubønnhøyrleg over.

Ein av dei mest markante forskarane i landet

Då Ottar byrja på NIBR, var han allereie blant landets mest kjende og markante forskarar. No skulle han få tid til å skriva. Den «hovudoppgåva» han i samråd med NIBRs dåverande leiing hadde planlagt å gå i gang med, var å utvikla «ein heilskapleg, og samtidig praktisk anvendeleg, forståing av det samla norske regionale overføringssystemet».

Ettertida viser likevel at det var mange andre oppgåver som fatta interesse.

Til NIBR førte Ottar med seg ei fagleg ballast eit institutt som driv med by- og regionforsking sette pris på. Her gjorde han seg notert i faglege og politiske diskusjonar og perspektiv på spesielt fire område.

For det første var han oppteken av #busettingsmønster, der konsolideringshypotesen om uttynning og regionale integrasjonsprosessar peika ut seg som særleg viktig.

For det andre hadde han søkjelys på lokalsamfunna og aktørane sine eigne perspektiv. Her la han vekt på den rolla yrkeskombinasjonar hadde for å få til hushaldtilpassingar i distrikta.

For det tredje engasjerte han seg særleg i fiskeripolitiske saker der han forsvarte kystfiskeriet. Dette innebar også ein kritikk av industrialiseringa innan fiske og foredling, privatisering av felleseide fiskeressursar og den følgjande sentraliseringa av eigarskap, rettar og produksjon både til sjøs og på land.

For det fjerde var han oppteken av betydninga av å halda oppe livskraftige distrikt for å unngå for sterke sentraliseringsprosessar. Det var viktig viss ein ønskte å bevara Noreg som eit relativt egalitært samfunn med liten økonomisk og sosial ulikskap.

Samtidig, Ottar såg seg ikkje mykje tilbake i sine år på NIBR. 

Ein viktig kollega

Med tid til å forska og skriva, dukka det opp bøker, notat og rapportar om alt frå distriktspolitikk og innvandring til sosialdemokratiet og den epistemologiske statusen til «the common property theory» (nasjonalbiblioteket.no).

Noko vart også til NIBR-publikasjonar. Allereie hausten 1984 kom han på trykk i NIBR-notat-serien med «Politikk og symbolproduksjon. To innlegg om retorikk» (nasjonalbiblioteket.no), eit bidrag til feiringa av Norsk tidsskrift for samfunnsforsking.

Det vart litt fleire NIBR-notat, men det meste han skreiv vart publisert på etablerte forlag.

Ottar var ein viktig kollega for oss Nibrester, og ikkje minst passa karrierelanga hans arbeid med korleis me kan bruka forsking til problemløysande formål (Vike 2010) godt til eit oppdragsforskingsinstitutt.

Hans evne til å gjera om dei fleste lunsjar til eit seminar er velkjend blant kollegaer.

Bortsett frå faglege og politiske diskusjonar, som absolutt dominerte, heldt han seg ikkje for god til å harselera over mellom anna andre forskarars hang til å talfesta alt mogleg. For, som Ottar ein gong sa: Dei einaste tala han slapp inn i publikasjonane sine, var sidetala.

Samtidig, når det røynde på, kunne også han ty til tal. Ved i alle fall eitt høve banka han på kontordøra til ein av NIBRs skarpskodde økonomar med om lag følgjande intro: «Hei, eg har eit jækla godt resonnement her. Eg treng berre tala. Kunne du skaffa dei? Høyr her, sånn går resonnementet...».

Han kunne også dela frustrasjonane sine over urettmessig og uføreseieleg tildeling av forskingsmidlar. Tildelingar som ikkje tente ei forsking i folkets teneste, men som snarare vart diktert av kva politikarar og byråkratar ved utlysningstidspunket rekna som presserande forskingsspørsmål, vart rettmessig avskydde.

Då han ein gong fekk avslag på ein prosjektsøknad, spora han opp at ein av medlemmene av kommisjonen som hadde gitt tommel ned, var turistsjefen i Åndalsnes. Då gav Ottar i utvitydige ordelag uttrykk for at dette gadd han ikkje å vera med på lengre.

Samfunnsvitar, forskar og debattant

Sjølv om anekdotane lever vidare på NIBR, er det likevel hans virke som samfunnsvitar, forskar og debattant som står sterkast igjen.

Inntil det siste var han innom NIBR, anten for å ta del i jule- og påskelunsj – òg diskutera nye faglege innfall og interesser. Eller for å presentera nye utgivingar. Dermed har me på NIBR aldri eigentleg tenkt at Ottar slutta her, sjølv om det er mange år sidan han gjekk av med pensjonen. No er det likevel over.

Me skal sørgja for at han lever vidare i lunsjpraten, i referanselistene våre og når me fortel kva slags forskingsinstitutt NIBR er. 

Skrive av Geir Heierstad, instituttdirektør ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR.

Takk til Knut og Jørn for innspel og anekdotar.

Publisert: 21.02.2024 | Geir Heierstad