Muaz Rashid Abdo står foran ein vegg med bileta han har tatt under kurset.

Søndre Nordstrand-ungdommar fortel personlege historier gjennom foto

Fotokurs og utstillinga «Til tross for» skal bidra til å løfte fram unge stemmer og talent frå bydelen.

Gjennom sju kveldar har ungdommar mellom 13 og 18 år delteke på kurs i regi av OsloMet Holmlia og utforska foto som uttrykksform.

Onsdag 28. januar var det opning av fotoutstillinga «Til tross for».

– For meg har det vore ei påminning om kor mykje kreativitet, innsikt og kraft som finst i unge menneske når dei får rom, tid og tillit. Det har vore ei stor ære å følgje ungdommane gjennom denne prosessen, sa fotograf og kurshaldar Iffit Kereshi ved opninga.

To menn står med ryggen til kamera og ser på ein vegg med fleire fotografi.

Publikum studerer fotografia under utstillingsåpninga. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Utvikle ei kunstnarisk stemme

– Målet med kurset og denne utstillinga er å løfte fram unge stemmer og talent frå bydelen, gi dei ei plattform og høve til å utvikle si eiga kunstnariske stemme, seier prosjektkoordinator i Søndre Media, Darin Hagi Hamdo.

Søndre Media er eit prosjekt under OsloMet Holmlia, som arbeider for å auke interessa for mediefag, demokrati og ytringsfridom blant ungdom i bydel Søndre Nordstrand. 

Prosjektet arrangerer kurs og workshops blant anna om TikTok, ytringsfridom, kjeldekritikk, grafisk design og gaming.

– Dette fotokurset gir ungdommane kreative verktøy til å utfalde seg kunstnarisk, samtidig som det handlar om representasjon og om kven som får plass til å fortelje historiene sine i media, seier Darin.

Darin Hagi Hamdo deler ut kursdiplom til Hamad Aidalati.

Darin Hagi Hamdo deler ut kursdiplom til Hamad Aidalati. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Identitet og stoltheit

– Vi har snakka mykje om at bilda ikkje treng å vere perfekte, men dei skal vere ærlege – og det er desse bilda, seier kurshaldar Iffit.

Utstillinga består av bilde deltakarane har tatt med eingongskamera.

– Vi har jobba mykje med identitet – det å vere stolt av kven du er og å sjå verdien i omgivnadene sine. Dette er blikk på verda sett gjennom auga til ungdommane, forklarer ho. 

Ein vegg med seks fotografi.

Her heng bilda til Hamad Aldalati. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Fortel historier gjennom bilde

Theodor Elgvin og Muaz Rashid Abdo er to av utstillarane.

– Det har vore veldig spennande og lærerikt å vere med å dette. Vi har lært mykje om korleis vi fangar rett lys, og om vinklar og komposisjon. I tillegg har vi lært korleis vi bør intervjue folk, fortel Theodor.

– Og så har vi lært korleis bilde kan fortelje historier, seier Muaz.

Theodor Elgvin foran ein vegg med bileta han har tatt.

– Det har vore veldig spennande og lærerikt å vere med å dette, seier Theodor Elgvin. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Viser kven dei er

Til utstillinga fekk deltakarane i oppgåve å ta bilde frå kvardagen sin – med utgangspunkt i temaet «Til tross for».

– Vi skulle vise kven vi er eller kor vi kjem frå. Eg tok blant anna eit bilde av vennegjengen min frå Hauketo. Det viser at vi er eit fellesskap sjølv om vi er ulike, seier Theodor.

Muaz viser fram eit foto av ein skog.

– Det forklarer litt om kven eg er. Eg liker å vere i naturen og ha frisk luft rundt meg, sjølv om eg bur i urbane omgivnader. Det seier òg noko om at trass i alt finst det noko fint i naturen.

Fem personer står og ser på ein vegg med fotografiar.

Muaz Rashid Abdo viser fram sine fotografi til publikum under åpninga. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Mangel på liknande tilbod

Prosjektkoordinator Darin meiner tilbod av denne typen er viktige.

– Mange ungdommar manglar arenaer for å utfalde seg. Det er mange moglegheiter for å drive med ulike former for idrett, men få moglegheiter til å dyrke interesser foto. 

– Ved å vere på campus Holmlia ønsker vi i Søndre Media å legge til rette for at unge kunstnarar og journalistar frå Søndre Nordstrand får høve til å utvikle seg, bli synlege og fortelje historier som er viktige for dei.

Utstillinga heng i OsloMet Holmlia sitt lokale på Holmlia Senter og er open for alle interesserte.

Meir om Søndre Media

  • Søndre media

    Prosjektet skal fremme ungdoms vilje og engasjement i offentlig ytring og deltakelse. Søndre Media vil etablere en medietjeneste for og av ungdom i Søndre Nordstrand, en medialab, og et opplæringsopplegg for offentlig ytring og publisering.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 09.02.2026 | Kristine Welde Tranås