Portrettbilde av Espen R. Nakstad

Profesjonskonferansen 2025

27.november var det igjen tid for Senter for Profesjonsforsknings årlege konferanse. Denne gongen stod risiko i sentrum.

Senter for Profesjonsforskning forskar på profesjonar og profesjonell yrkesutøving, og dessutan politikken, etikken og kunnskapen knytt til dei ulike yrkesgruppene. 

Gjennom denne konferansen ynskja senteret å setje søkelyset på korleis kunnskap og kompetanse som trengst for å handtere risiko. Kan eigentleg risikohandtering profesjonaliserast og standardiserast på tvers av samfunnssektorar?

Profesjonar og risiko

Senterleiar Beate Elvebakk starta med å ønskje velkomen, før professor og arrangør Anne Leseth frå SPS introduserte temaet for konferansen.  

– Ein viktig fellesnemnar for mange profesjonar er at det må gjerast risikovurderingar. Gitt store geopolitiske spenningar er tenking om risiko, sikkerheit og beredskap del av ein ny kontekst for profesjonell praksis og utdanning. Verdiar som internasjonalisering, inkludering og mangfald blir sette under press, sa Leseth.  

Risiko i profesjonell praksis

Konferansen tematiserte risiko og risikovurderingar både som del av profesjonell praksis, som framveksande fagfelt og som rammeverk på lokalt og nasjonalt nivå. Ekspertar frå forvaltning og forsking kom saman for å diskutere kva konsekvensar dei nye vilkåra kan få for profesjonell praksis og utdanning. 

Eit viktig moment var spenningane mellom dei formelle retningslinjene som utformast, og korleis desse skal etterlevast i praksis.  

Sissel Jore frå Universitet i Stavanger opna konferansen med å presentere samfunnssikkerheit som fagfelt, og fortalde om korleis tenking om risiko- og samfunnsikkerheit også har hatt konsekvensar for utdanningssektoren. 

Cathrine Egeland frå AFI, OsloMet snakka om risikotenking for høgare utdanning og kva konsekvensar dette har.  

– Kva skjer dersom vi ikkje kan få forskarar frå utlandet? lurte ho.  

Deretter snakka Grethe Midtlyng frå Kriminalomsorgens høgskule ut frå eit profesjonsperspektiv, og tok føre seg korleis kroppsleg, erfaringsbasert kunnskap er viktig i risikosituasjonar.  

Frå silo- til sektortenking 

Deltakarane var opptekne av korleis risikoplanlegging blir tenkt innanfor ulike sektorar.  

Heidi Heggenes frå Justis- og beredskapsdepartementet fortalde om arbeidet til justissektoren med krisescenario, kor dei har gått frå ei silo- til sektortenking, noko fleire av deltakarane meinte var viktig og vanskeleg. 

Heggenes vektla også korleis ei enklare krisetenking er erstatta med meir komplekse verste fall-scenario.  

– Kva er det som skil dei ulike sektorane i måte å tenkje risiko på? spurte Frede Hermansen frå Forsvarsdepartementet. Han viste korleis dette utarta seg ulikt hos Forsvaret og politiet. 

Grensa for risikotenking

Fleire av ekspertane var innom korleis usikre tider krev gode beredskapsplanar, samtidig som ein diskuterte kor langt beredskapen bør gå. Espen Nakstad frå Oslo Universitetssjukehus snakka om dei “svarte svanene” – hendingar som har låg sannsynlegheit for å skje, men store konsekvensar dersom dei skulle inntreffe.

Per Martin Norheim-Martinsen leiar paneldebatten med Espen R. Nakstad, Tereza Østbø Kuldova og Frede Hermansen. Foto: Mattias Müller

Kristina Bergtora Sandvik ved UiO brukte den svarte svana, koronapandemien, som eit døme på utfordringar i forholdet mellom stat og borgar, og diskutert kva vi kan lære av pandemien før neste krise kjem.

– Meir snakking på tvers

Til sist diskuterte Tereza Østbø Kuldova frå AFI, OsloMet reguleringsstaten og den privatiseringa av sikkerheit ein ser. For kor går eigentleg grensa for god sikkerheitsstyring?  

– Er det mogleg å kontrollere ei ukontrollerbar verd? spurte Kuldova.

Slike spørsmål blei også diskuterte i den avsluttande paneldebatten, kor Per Martin Norheim-Martinsen frå NMBU og OsloMet var ordstyrar. Deltakarane drøfta om vi som samfunn er for opptekne av risiko, og korleis og kor mykje ein bør planlegge for framtida.  

Rektor Christen Krogh oppsummerte konferansen, og meinte at det er viktig at sektorane snakkar meir på tvers og handterer det sektorovergripande på gode måtar.  

– Kva er forsvarleg nok? avslutta Krogh.  
 

Publisert: 02.12.2025 | Vilde Antonie Haug Slottemo | Foto: Mattias Müller