OsloMet-logo

Ras ved studenthus på Carl Berner

Informasjon for dei som er råka av raset på Carl Berners plass.

– Vi veit at nokre av våre studentar ved OsloMet er blant dei evakuerte, og får oppfølging av studentsamskipnaden SiO. Vi har stor forståing for at dette er ein krevjande situasjon for studentane som er evakuert, seier prorektor for utdanning Silje Fekjær. 

– Vi jobbar med å få oversikt over kor mange OsloMet-studenter som er råka og er i løpande dialog med SiO. 

– Dersom nokre av våre studentar treng avklaringar knytt til undervisning, praksis eller eksamen, kan dei ta kontakt med fakultet sitt eller utdanninga si. Vi har også støttetenester tilgjengelig for dei som ønsker nokon å snakke med.

Les meir og finn informasjon for studentar som er råka på studentsidene (student.oslomet.no)

Publisert: 27.10.2025 | Åshild Losnegard