Mange menneske sit i grupper på ein workshop

Samarbeid om folkehelse

Som ein del av Universitetskommune-avtalen, arrangerte Oslo kommune og OsloMet i slutten av september ein workshop for å styrke samarbeidet om utvikling av kommunen sine tenester knytt til folkehelse.

Folkehelseundersøking Oslo kommune gjennomførte i 2024 ga unike funn som kan brytast ned til små bomiljø i bydelane.

Resultata viser store forskjelar, og at dei med lågast utdanning og dårlegast økonomi har flest helseproblem (oslo.kommune.no).  

Felles workshop

I slutten av september var forskarar frå OsloMet, Kristiania og NMBU, representantar frå etatar, bydelar og byrådsadministrasjonen i Oslo kommune, og innovasjonsdistriktet Punkt Oslo samla i ein workshop for å sjå på korleis ein kan jobbe vidare med resultata av folkehelseundersøkinga.

Målet var å kople saman forskarar som kan analysere data, med kommunen sine tilsette som kjenner godt til behova i tenestene.

– Eg er glad for at så mange dyktige og dedikerte tilsette frå institusjonane deltok i workshopen, seier Carl Thodesen, prorektor for samarbeid og samfunnsforbetringar ved OsloMet.

– Skal vi finne gode løysingar på utfordringane i byen, er det viktig å komme saman på tvers av kunnskapsinstitusjonar og praksisfelt. Ved å kople saman kunnskapen og erfaringane våre har vi større moglegheit til å utvikle kommunen sine tenester til gode for befolkninga i Oslo, seier Thodesen.

Utanforskap, psykisk helse og nærmiljø

Dei tre hovedtemaa som blei diskutert i workshopen var:

Kvar av temabolkene hadde innleiarar frå både OsloMet og Oslo kommune, som trekte fram konkrete utfordringar og korleis ein kan samarbeide om å finne gode løysingar.

Les meir om workshoppen (ansatt.oslomet.no)