Eva Lutnæs er professor ved Institutt for estetiske fag ved OsloMet og prosjektleiar for Ferdighetstrapp for tresløyd, eit nasjonalt prosjekt som har som mål å styrke handverksferdigheitene til barn og unge innan trearbeid.
Båtprosjektet er første trinn i ferdigheitstrappa, forklarer Lutnæs.
– Veldig mange elevar får ikkje lage ting i tre på skolen lenger. Det ville eg, saman med Kunst og design i skolen, gjere noko med. Vi fekk støtte til prosjektet frå satsinga Handverksløftet i Sparebankstiftelsen DnB.
– Eg har møtt på veldig mange som heiar på sløydsalen og vil ha den tilbake i skolekvardagen til elevane. Men at verdskjente Snøhetta ville vere med, det hadde eg ikkje tort å drøyme om, smiler prosjektleiaren.
– Vi har fått teste ut korleis arbeidsmåtane til Snøhetta kan takast i bruk av elevar heilt frå 1. trinn. Piloten med båtane er starten på noko stort!

Prosjektleiar Eva Lutnæs. Foto: Sonja Balci.
Gjenopplivar sløydsalen
Gamlebyen skole er ein av skolane som testar ut oppgåver i prosjektet Ferdighetstrapp for tresløyd.
– Ved skolen var det allereie gjort ein formidabel innsats for å sette sløydsalen i stand igjen, fortel Lutnæs.
– Lærarane hadde god støtte i rektor og vaktmeister til å gjere denne snuoperasjonen og var på jakt etter gode oppgåver til elevane.
Engasjerte elevar og lærarar
No har fornøgde elevar og lærarar har jobba med prosjektet sidan før påske.
– Elevane er superivrige og veldig stolte over båtane sine, seier Lutnæs entusiastisk.
– Og lærarane på Gamlebyen skole såg med ein gong at samarbeidet med Snøhetta ville gi god undervisning. Det å tenke arkitektur gjennom preposisjonar slik Snøhetta gjer, omsette lærarane til forsterka språkopplæring og utforsking av konseptet båt.
Frå plankebit til fantasifull båt
Lutnæs har utvikla prototypen for båtane som elevane lagar.
– I prosjektet har elevane øvd på å sage, og når fleire elevar har kvar sin plankebit kan dei jo lime dei saman til ein båt. Den kan bli akkurat det elevane vil, ein liten fiskebåt, eit vikingskip, eit gigantisk forskingsskip - eller ein båt som ingen har funne på endå.
– I prosjektet har elevane testa kva som flyt, undra seg over kvifor store cruiseskip kan flyte, møtt ein ekte båtbyggar som fortalde om kvifor menneske begynte å lage båtar og korleis han bygger vikingskip og andre trebåtar.
Læringsressursar frå OsloMet
I klasserommet har Lutnæs med seg studentar frå OsloMet.
– Midlane frå Håndverksløftet gjer at vi både kan lønne to studentassistentar frå Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, design, kunst og handverk (LUPE), hyre inn båtbyggar og rådgivar Bendik Skogsvold, og kjøpe inn trematerialar til skolen, seier ho.

Dokumentar om kreativt samarbeid
No blir det laga ein kortdokumentar om prosjektet, for å vise korleis Snøhettas arbeidsmåtar er omsette til undervisning i tresløyd for dei minste elevane i grunnskolen.
– Stian Tandberg produserer kortdokumentaren og han følgjer arbeidsprosessen til elevane fram til sjøsettinga frå Operataket og det smått utrulege samarbeidet mellom prosjektet Ferdighetstrapp, Snøhetta og Gamlebyen skole, smiler Lutnæs.
– Eg gleder meg til fortsettinga og over at vi kan få sjøsette båtane frå Operaen. Dette blir ei fantastisk feiring av arbeidet til elevane.