Dette er intensjonsavtalar, såkalla «memoranda of understanding (MoU)», der målet er å leggje grunnlaget for vidare samarbeid om forsking og utdanning til gjensidig nytte.
– India er eit dynamisk land med mykje teknologi, store ambisjonar og sterk entreprenørånd. Det er mykje Noreg kan lære av India, og vi ser fram til å utveksle kunnskap og erfaringar, sa prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid ved OsloMet, Carl Christian Thodesen, før underteikning av avtalane på den tredje samlinga for utdanning og forsking mellom India og Noreg 8. oktober 2026.
India sin ambassadør til Noreg, Gloria Gangte, understreka at samarbeid mellom India og Noreg kan vere viktig for å nå måla om grøn og berekraftig vekst.
– India har ambisjonar om sterk økonomisk vekst, men veksten må vere grøn og berekraftig. Noreg har teknologi og kompetanse som kan bidra til dette. Difor er samarbeidet mellom India og Noreg svært viktig.
Avtalane gjeld for fem år i første omgang, og tek sikte på å fremje
- utveksling av fagleg og administrativt tilsette med sikte på forsking, undervisning og rådgjeving
- felles rettleiing av master- og doktorgradsstudentar
- utveksling av vitskapleg informasjon til akademiske føremål
- bruk av forskingsfasilitetar mot betaling
- opplæring av studentar ved bruk av fasilitetane ved begge institusjonane
- utforsking av moglegheitene for å etablere eit felles doktorgradsprogram
- felles forskingsaktivitetar gjennom deltaking i nasjonalt og internasjonalt finansierte prosjekt
- arrangering av felles aktivitetar, som seminar, arbeidsseminar, konferansar og opplæringsprogram
- utveksling av studentar i eitt eller to semester for å gjennomføre emne og prosjekt
Thodesen framheva at utfordringa no må vere å utvikle relasjonane og byggje partnarskap som varer over tid.