Gjennom prosjektet «EcoGaps» har Indset og Sandkjær Hansen jobba for å gjere kunnskap om naturforvalting meir tilgjengeleg for kommunar.
Ifølgje juryen ved OsloMet har innsatsen deira gitt store resultat: «De har ikke bare formidlet viktige funn, men mobilisert offentligheten og skapt økt bevissthet om nødvendigheten av bærekraftig arealforvaltning», skriv juryen og viser mellom anna til NRK-dokumentaren «Norge i rødt, hvitt og grått», der forskinga fekk nasjonal merksemd.
– Gratulerer med pris! Korleis reagerte de då de fekk beskjeden?
– Det kom heilt uventa, og vi vart svært overraska! Men det er gledeleg at forskinga blir lagt merke til. FNs klima- og naturpanel har dokumentert at vi står overfor ei dobbel krise, der både klimaendringar og tapet av biologisk mangfald trugar livsgrunnlaget vårt. Arealendringar er ei av dei viktigaste årsakene. Men det skjer eit skifte no, der vi forstår betre kor viktig naturen er for oss.
– Korleis merkar de dette skiftet?
– Stadig fleire kommunar tar i bruk nye reiskapar som arealrekneskap, mål om arealnøytralitet og tiltak for naturrestaurering i arealplanlegginga si. Miljødirektoratet gjer grep nasjonalt, og ikkje minst er det meir merksemd om nedbygginga av naturen og kva naturgoda betyr for vår felles velferd.
– Fortel om prosjektet dykkar.
– Målet har vore å utvikle reiskapar og byggje kunnskap for å tette såkalla økologiske gap, altså gapet mellom tilgjengeleg naturkunnskap og den faktiske bruken av kunnskapen i politiske avgjerdsprosessar. Vi har samarbeida med Norsk Institutt for Naturforskning (NINA), fagmiljø i Nordre Follo kommune, Akershus, Buskerud og Østfold fylkeskommunar samt miljøorganisasjonen Sabima.
– Kva er det viktigaste de har lært?
– At for å finne løysingar, må vi jobbe saman med dei som kjenner behova og utfordringane. Kommunetilsette har for eksempel vore med å utvikle eit rammeverk for eit naturrekneskap, som viser omfanget av natur som blir bygd ned. Dette er eit knippe metodar som også har blitt brukt av journalistar i NRK. EcoGaps har vore like mykje ein verkstad som eit forskingsprosjekt, der vi har forska med praksisfeltet, ikkje på dei.
Det skjer noko magisk når du tør å jobbe med folk som tenkjer heilt annleis enn deg sjølv. Å jobbe tverrfagleg er ikkje å sitje i eit møte med folk frå andre fagområde, det er å våge å la eigne omgrep og metodar bli utfordra.– Marthe Indset og Gro Sankjær Hansen
– Kva ligg bak engasjementet dykkar?
– Det er ei stor glede å jobbe med dyktige folk og spennande fagmiljø, og med eit samfunnsoppdrag som er så viktig. Det er vanskeleg ikkje å bli engasjert når du ser korleis forskinga kan komme samfunnet til gode og føre til betre avgjerdsprosessar. Det hjelper også å ha gode kollegaer på NIBR som både feirar Halloween og har potetløp i gangane før 17. mai!
– Kva er de mest stolte av?
– At vi har klart å byggje bruer mellom forsking og praksis, og at forskarar, forvaltinga og sivilsamfunnet har laga løysingar saman. Rammeverket vi har utvikla for naturrekneskap i arealforvaltinga, er allereie tatt i bruk i Nordre Follo kommune, og vi har samarbeida tett med tidlegare Viken fylkeskommune (no Akershus, Østfold og Buskerud) om å finne måtar å støtte kommunar på for at vi skal unngå naturtap.
– Kva råd vil de gje andre?
– Vår erfaring er at det skjer noko magisk når du tør å jobbe med folk som tenkjer heilt annleis enn deg sjølv. Å jobbe tverrfagleg er ikkje å sitje i eit møte med folk frå andre fagområde, det er å våge å la eigne omgrep og metodar bli utfordra.
– Kva vil de jobbe med framover?
– Vi skal halde fram med vårt vennlege, men fagleg tunge mas om at berekraftig og demokratisk styring er mogleg.