English version
Portrett av Christer Hyggen

– Vi må ta på alvor dei komplekse og meiningsfulle liva barn og unge lever

Christer Hyggen skal leie OsloMet si tematiske forskingssatsing om inkludering av fleire barn og unge.

Regjeringa har etablert eit samfunnsoppdrag med mål om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Dette følgjer vi opp med ei forskingssatsing ved OsloMet.

Kvifor er samfunnsoppdraget om inkludering av barn og unge viktig?

Fordi det at barn og unge fell utanfor viktige fellesskap, blir hindra frå å delta på lik linje med andre, eller opplever manglande tilhøyrsel, er ein av dei største og mest komplekse samfunnsflokane vi står overfor.

Noreg har ein politisk nullvisjon – ingen barn og unge skal vere utanfor – men vi er ikkje der i dag. Mange barn fell utanfor viktige oppvekstarenaer som barnehage, skole, fritid, utdanning og arbeid. 
Barn og unge lever komplekse, samansette og meiningsfulle liv på tvers av ulike oppvekstarenaer og i samspel med andre jamaldrande, vaksne, lokalsamfunn og institusjonar. Årsakene til såkalla utanforskap er på denne måten også komplekse og samansette.

Dette er eit såkalla ’wicked problem’ – eit problem som har mange samanvovne årsaker og som ikkje kan løysast innanfor éin sektor, eitt fag eller med éin type tiltak. Derfor trengst eit målretta samfunnsoppdrag som samlar kunnskap, aktørar og innsats på tvers.

Skal vi lykkast med inkludering, må vi både forstå kvifor utanforskap oppstår, og utvikle løysingar som verkar i den komplekse verkelegheita barn og unge lever i.

Kva meiner vi når vi snakkar om «barn og unge utanfor»?

Når vi snakkar om barn og unge «utanfor», siktar vi til dei som ikkje får ta del i – eller ikkje opplever reell tilhøyrsel i – sentrale fellesskap i samfunnet. Det kan handle om å stå utanfor utdanning, arbeid, organiserte fritidsaktivitetar, helsetenester eller lokalsamfunn, eller om å vere med på måtar som ikkje gir meistring, tryggleik eller tilhøyrsel.

Utanforskap kan ha mange uttrykk og årsaker: psykisk og fysisk helse, funksjonsnedsettingar, sosioøkonomiske forhold, migrasjon, diskriminering, manglande samordning i tenestene eller svake overgangar mellom ulike livsfasar.

Felles for mykje av forskinga på feltet er at utanforskap sjeldan er eit individuelt problem – det oppstår i samspelet mellom enkeltmenneske, institusjonar og samfunnsstrukturar.

Kva styrkar har OsloMet å trekke på i ei sånn satsing?

OsloMet er særleg godt plassert til å bidra i denne satsinga fordi vi kombinerer sterk fagleg breidde med tett kopling til praksisfeltet.

Vi er eit forskingsuniversitet. Vi har forskingsmiljø med solid kompetanse innan utdanning, arbeidsliv, helse, sosialt arbeid, barnevern, fritid, oppvekst, mangfald og storbyproblematikk – altså akkurat dei arenaene der inkludering skjer, eller ikkje skjer, i praksis.

I tillegg har OsloMet lang erfaring med tverrfagleg samarbeid, profesjonsutdanningar som utdannar dei som faktisk jobbar med barn og unge, og vi har tilgang til sentrale datakjelder som for eksempel Ungdata.

Dette gir oss unike føresetnader for å utvikle forsking som både held høg vitskapleg kvalitet og svarer på reelle kunnskapsbehov i samfunnet.

Kvifor ønsker du å leie denne satsinga?

Eg ønsker at forsking på barn og unge skal bety noko i samfunnet – ikkje berre som kunnskap om barn og unge, men som kunnskap som faktisk bidrar til betre liv og betre løysingar.

Eg er motivert av å jobbe i skjeringspunktet mellom høg fagleg kvalitet og samfunnsrelevans, og av å sjå forsking få konsekvensar for praksis, politikk og profesjonsutøving. Eg er opptatt av at vi tar på alvor dei komplekse og meiningsfulle liva barn og unge lever – på tvers av familie, skole, fritid, venner og digitale arenaer – og at dette må speglast i korleis vi forstår både utanforskap og inkludering.

Samtidig meiner eg det er avgjerande å løfte fram barna og dei unge sine eigne perspektiv, og ikkje berre møte dei med eit forvaltingsmessig bekymringsblikk. Vi må også vere opne for kunnskap om det som faktisk verkar.

I Noreg har vi ein sterk velferdsstat med høg tillit, og nettopp det gir oss ei unik moglegheit – og eit ansvar – til å bruke forsking aktivt til å utvikle betre og meir treffsikre løysingar.

Kva aktivitetar skal de starte med?

Vi startar med å legge eit solid fundament for satsinga gjennom konkrete og målretta aktivitetar. Først og fremst er det no lyst ut midlar til småprosjekt som skal:

Desse småprosjekta skal fungere både som kunnskapsutvikling i seg sjølv og som springbrett til større, eksternt finansierte prosjekt og på sikt kanskje senter.

Parallelt vil vi etablere møteplassar, seminar og aktivitetar som koplar forskarar internt ved OsloMet og med aktørar utanfor akademia. Eg må jo også få nemne at tema for Ungdatakonferansen i år er nettopp inkludering av fleire barn og unge. 

Laster inn ...
Publisert: 05.05.2026 | Foto: Sonja Balci / OsloMet