Annechen Bahr Bugge på scenen

SIFO-forskar Annechen Bahr Bugge har vunne Matprisen 2025

Berre bok gjer ingen klok, men det gjer derimot vinnaren av året, Annechen Bahr Bugge, skriv juryen.

OsloMet-forskar Annechen Bahr Bugge har vunne hovudkategorien i Matprisen 2025.

Annechen er sosiolog og forskar på mat- og etevanar ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO. Ho har ein imponerande formidlingsaktivitet gjennom tekster, bøker, foredrag og som ekspert i media. Gratulerer! 

Matprisen er ein del av Debio marknad, har vært delt ut sidan 2014 og løfter fram og heidrar bønder, kokker og menneske som bryr seg om berekraftige måltid.

Juryens grunngiving

Å invitere andre inn i ei verd dei fleste ikkje kjenner frå før, er noko som kjenneteiknar vinnaren av Matprisen. Ikkje fordi denne verda ein inviterast inn i er så ny – heller omvendt. Den maten vi et og den vi ikkje et seier noko om kor vi kjem frå og kor vi er på veg. En rausheit og smittsam interesse for feltet kjenneteiknar vinnaren, som ikkje står på bar bakke, men byggjer på både eigen innsikt og evna til å knytte band og få andre i tale. Vinnaren av året dokumenterer og formidlar gjennom det skrivne og det munnlege ord og gjennom bilete. Berre bok gjer ingen klok, men det gjer derimot vinnaren av året, Annechen Bahr Bugge!

Les meir om Matprisen (matprisen.no)

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 11.11.2025 | Kjersti Lassen | Foto: Magnus Gulliksen/Matprisen