portrettbilde av Annechen Bahr Bugge

SIFO-forskar nominert til Matprisen

Matforskar Annechen Bahr Bugge er nominert til Matprisen som forskar og formidlar av mat- og spisevanar.

Ho er nominert til sjølve hovudkategorien Matprisen.

Frå grunngivinga til juryen:

«Annechen Bahr Bugge formidlar engasjerande og utan peikefinger. Utan kjennskap om det som var, er det vanskeleg å skjøne kor ein skal. Slik er det og med maten vår og Annechen Bahr Bugge er blant dei som visar veg.»

Matprisen løftar fram og heidrar bønder, kokker og menneske som bryr seg om berekraftige måltid. Til grunn for Matprisen ligg konseptet Eit berekraftig måltid, og gjennom prisutdelinga skal vi heidre enkeltmenneske og verksemder som bryr seg og som bidreg til at det serverast fleire berekraftige måltid.

Matprisen delast ut for tolvte gong og er ein del av Debio Marknad. Prisen delast ut på eit arrangement 10. november.

Les meir på nettsida til Matprisen (matprisen.no).

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 02.01.2024 | Kjersti Lassen | Foto: Sonja Balci / OsloMet