Rektor Christen Krogh i vandrehallen i Stortinget

Statsbudsjettet 2027: Oppgang for OsloMet

Universitet og høgskolar får ein liten realoppgang på 0,6 prosent. For OsloMet blir realoppgangen 1,5 prosent.

Tildelingane til OsloMet i forslaget til statsbudsjett for 2027 er høgare samanlikna med i fjor. OsloMet får 3,397 milliardar kroner i grunntildeling, noko som inneber ein realvekst på 1,5 prosent etter løns- og prisjustering.

– Vi er glade for at OsloMet kjem godt ut av tildelinga for 2027. Vi utdannar kandidatar med kompetanse som samfunnet er avhengig av, og dette budsjettforslaget set oss betre i stand til å utføre oppdraget vårt, seier rektor Christen Krogh.

OsloMet er den institusjonen i sektoren som kjem best ut i den resultatbaserte uttellinga for 2027. Det heng saman med at OsloMet har størst auke i produksjon av studiepoeng.

– Folketalet aukar i OsloMet sine nærområde, og det er naturleg at vi utdannar fleire til å jobbe i dei profesjonane samfunnet rundt oss treng. Auken i den resultatbaserte uttellinga vil også komme forskinga til gode. Det er heilt nødvendig for samfunnet at vi investerer i ny kunnskap på dei områda der det blir utdanna mange kandidatar, seier rektor Christen Krogh

Les meir på nettsidene for tilsette (ansatt.oslomet.no)

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 07.10.2026 | Kjersti Thoresen, foto: Ståle Grøtte