Del av ein fargerik OsloMet-fasade med starten på Oslo Metropolitan University i store, gule bokstavar.

Statsbudsjettet 2024: Stabilt budsjett for OsloMet

Universitet og høgskular får ein realnedgang på 0,7 prosent i statsbudsjettet for 2024. For OsloMet er det eit relativt stabilt budsjett.

Tildelingane over statsbudsjettet ligg på om lag på same nivå som i fjor for OsloMet. Universitetet får for første gong over tre milliardar kroner, med 3,061 milliardar kroner i grunnløyving.

– Den resultatbaserte delen av rammetildelinga vår aukar som følgje av at vi har utdanna fleire kandidatar. Utdanning er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt og dette er bra, seier rektor Christen Krogh.

Rektor poengterer likevel at han er oppteken av heilskapen i statsbudsjettet.

–  Det blir lagt opp til ein realvekst på 5,6 prosent til forsking, og dette er viktig.

– Samfunnet treng ny kunnskap for å handtere dei utfordringane vi står i. Her speler forsking frå OsloMet ei viktig rolle, og vi er klare til å bidra, seier han.

Både tildelingar og kutt

OsloMet får 20 millionar kroner inn i basisramma som følgje av at regjeringa flyttar 388 millionar kroner frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) til UH-sektoren samla.

–  Å få desse midlane inn i basisramma slik at vi slepp å søkje om dei, er positivt. Det er òg eit godt signal at 11,1 millionar kroner av desse er tildelte oss som følgje av satsing på desentralisert og fleksibel utdanning, då vi har eit ansvar i heile regionen rundt hovudstaden, seier Krogh.

– Det er likevel uheldig at regjeringa held fram tilbaketrekking av koronatiltaksmidlane frå 2020, noko som utgjer 26 millionar kroner. På grunnlag av desse midlane oppretta vi blant anna ei rekkje studieplassar innanfor IKT som no mistar finansiering. Når regjeringa tildeler oss berre ti nye studieplassar innanfor IKT, så tek dei meir enn dei gir, seier han.

Kuttet som følgje av inndekking av satsingar (tilsvarande det tidlegare ABE-kuttet) held òg fram, og er dessutan vesentleg høgare enn tidlegare år for OsloMet med 27,6 millionar kroner.

Avgrensa auke til studentane

I budsjettforslaget frå regjeringa blir studiestøtta prisjustert med 3,8 prosent, men det er ingen realvekst.

– Det er dyrt å vere student, og viss studiestøtta er for låg, må mange jobbe mykje. Det kan gå ut over studiane. Derfor er det uheldig at det ikkje er ein realauke av studiestøtta, seier rektor Christen Krogh.

Endringar i finansieringssystemet

Statsbudsjettet inneber også endringar i finansieringssystemet med verknad frå 2025.

Den nye modellen inneheld gjennomgripande endringar, blant anna med nye studiefinansieringskategoriar og ein ny indikator for fullføring av studieprogram. Systemet tek mål av seg å vere enklare enn det gamle finansieringssystemet.

 – Vi må sjå nøyare på dette og kva det betyr for oss. Den nye fullføringsindikatoren har elles blitt overraskande komplisert. Den tek utgangspunkt både i gjennomsnittet av fullføring for sektoren og endring frå førre år, noko som gjer det vanskeleg å planleggje framtidige budsjett, seier Christen Krogh.

–  I tillegg undrast vi over kvar den utteljinga for etter- og vidareutdanning som blei lova i Utsynsmeldingen har blitt av, seier han.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 06.10.2023 | OsloMet