En sykepleier holder en eldre dame i hånda.

Sterk auke i langvakter

Det har vore ein kraftig auke i bruk av langvakter i kommunal helse og omsorg sidan 2010, men me veit for lite om helseeffektane. Dette er det nødvendig å undersøkja, seier forskingsleiar.

Blant verksemder med turnus i kommunen, som sjukeheimar, bustader og heimetenester, er det i dag 44% der delar av dei tilsette jobbane langvakter.

Det vil seia at dei jobbar rundt 12,5 timar per vakt, men færre dagar totalt.  Dette er ein sterk vekst frå 21% i 2018.   

– Det som også er oppsiktsvekkjande, er at av dei verksemdene som har innført langvakter dei siste fem åra, er det berre seks prosent som har avvikla ordninga, seier forskingsleiar Vilde Hoff Bernstrøm.

Derfor blir det kritisk å undersøkja mellom anna helseeffektar, for når desse ordningane først er innførte i verksemda, så blir dei der, utdjupar Hoff Bernstrøm.

Mangelfull forsking

– Me veit ikkje nok om effektane av slike vaktar på arbeidstakarar, korleis det vil påverka dei tilsette og deira helse, eller korleis dette skal organisera. Dette skal me finna ut av, seier stipendiat og prosjektdeltakar Andres Lillebråten.

Den forskinga som finst er motstridane, seier han.

Brorparten av forskinga som finst, skil ikkje mellom dei som jobbar langvakter innanfor ei normal vekevis arbeidstid, og dei som jobbar veldig mykje meir. 

Funna frå dei studiane som ser på langvakter innanfor normalarbeidstid sprikjer frå å visa positive gevinstar for dei tilsette – som betre søvn og mindre utmatting, til studiar viser redusert helse og auka sjukefråvær for dei tilsette. 

Ei av forklaringane på motstridane funn kan liggja i korleis me organiserer langvaktene.

– Men i sum er det framleis mykje me ikkje veit om korleis dette påverkar dei tilsette, seier Lillebråten

Store forskjellar i korleis langvakter blir organiserte

Det er klare forskjellar i kor mange , og når tilsette jobbar langvakter. 

På nokre arbeidsplassar jobbar tilnærma alle langvakter, medan det på andre stader er meir variert. 

I 2022 brukte 70 prosent av verksemdene som hadde tilsette i langvakter denne ordninga berre i helgane, for å få helgevaktene til å gå opp. Men, 40 prosent av verksemdene brukte langvakter også måndag til fredag.

– Men dei kanskje største forskjellane er i pausane, forklarer Hoff Bernstrøm.

Den største forskjellen er i pausane

60 minutt betalte pause er det vanlege, men nokon får 90 eller til og med 120. 

– Frå intervju veit me at det her også er variasjon i korleis pausane blir praktiserte. Frå tilsette som opplever mange avbrytingar i pausane eller vanskar med å gjennomføra pausane, til verksemder der dei tilsette skal ha ein time uforstyrra kvile i eige rom i tillegg til den vanlege lunsjpausen sin, seier Hoff Bernstrøm.

Kor mykje pause, eller korleis pausen skal vera organisert for at langvaktene skal fungera best og vera trygge for dei tilsette, veit me i dag for lite om, seier forskingsleiaren.

Fleire fordeler ved langvakter

Det er potensielt fleire fordelar både for arbeidsgivar og arbeidstakar ved å organisera turnusarbeid i langvakter, forklarer forskarane.

Ved å jobba lengre vakter får dei tilsette færre arbeidsdagar og lengre friperiodar, det betyr som regel også at dei må jobba sjeldnare helg.  

Samtidig har langvakter også vorte framheva eit av dei fremste verkemidla for å redusera omfanget av ledige stillingar, ufrivillig deltid, og vikarar i helgane i kommunale pleie- og omsorgstenester (fafo.no, pdf).

Det er dermed all grunn til å tru at bruken av langvakter kjem til å halda fram med å auka – og me treng eit bevist forhold til korleis me organiserer langvaktene for å sikra trygge og ikkje helseskadelege arbeidsvilkår for dei tilsette. 

Fakta

Dette var ei web-basert spørjeundersøking som vart gjennomført blant leiarar av verksemder i helse- og omsorgssektoren i kommunane i perioden 3. mai til 16. august 2022.

Verksemder som bruker turnus innanfor følgjande tre typar tenester er undersøkte: 

  • Heimetenester 
  • Sjukeheimar
  • Bustader med tilknytt personell, t.d. bustader for personar med utviklingshemming og bustader for personar med psykiske helseutfordringar eller rusavhengnad. 

1443 verksemder frå 264 kommunar, har svart 

Undersøkinga vart utarbeidd og gjennomført i eit samarbeid mellom forskarar ved Arbeidsforskningsinstituttet ved OsloMet og Frischsenteret, UiO. 

Les meir om prosjektet COMPRESSED − Ein studie av langvakter i kommunal helse og omsorg.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 21.11.2023 | Nina Alnes Haslie