Marianne Stenberg, assisterande etatsdirektør i Utdanningsetaten i Oslo kommune og Roger André Federici, dekan ved Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studium, signerer avtale

Sterkare samarbeid med Utdanningsetaten

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium har fornya samarbeidsavtala med Utdanningsetaten i Oslo kommune om kvalitet i lærarutdanningane.

Samarbeidet skal bidra til meiningsfulle samanhengar mellom utdanning, forsking og praksis. Det skal støtte opp om utviklingsarbeid, forsking og innovasjon som utviklar skole og lærarutdanning.

– Vi tenker at dette er endå ein milepæl i samarbeidet mellom Utdanningsetaten og fakultetet. Avtala understrekar at vi saman skal bidra til samfunnsforbetringar innan oppvekst og utdanning, sa dekan Roger André Federici.

Eit møtebord med representantar frå Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studium og Utdanningsetaten i Oslo kommune

Representantar frå Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studium og Utdanningsetaten i Oslo kommune var samla til avtalesignering. Dei hadde også faglege samtaler om kva kompetanse lærarar i Osloskolen treng i møte med ei mangfaldig elevgruppe, særleg i samband med lesing og skriving. Foto: Siv Tonje S. Håkensen / OsloMet

– Utdanningsetaten og OsloMet er lærerutdannere på ulike, men likeverdige læringsareaner. Vi har eit felles ansvar for at alle elevar, lærlingar og andre deltakarar møter kvalifiserte og trygge lærarar og leiarar, supplerte assisterande etatsdirektør i Utdanningsetaten Marianne Stenberg. 

Samarbeid om utdanning, forsking og utvikling og etter- og vidareutdanning

Fakultetet har over lang tid samarbeidd tett med Utdanningsetaten om kvalitet i praksisopplæringa. Med den fornya samarbeidsavtala, blir samarbeidet utvida til fleire område. 

Avtala består av tre innsatsområde:

På bildet øvst: Marianne Stenberg, assisterande etatsdirektør i Utdanningsetaten i Oslo kommune og Roger André Federici, dekan ved Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studium, signerer den nye avtala.
 

Publisert: 13.01.2026 | Siv Tonje S. Håkensen (tekst og foto)