Vi har tatt ein prat med nokre av dei nye stipendiatane ved SPS. Lærte du noko nytt? På biletet, frå venstre, ser du Kristine Simonsen, Vera Raudberget Fiveland, Sven Arild Storberget og Peter Johansen. Nick John Wright var ikkje tilstade når biletet vart tatt.
Kristine Simonsen
Kva er det du forskar på, Kristine?
Eg forskar på forsvarsadvokatar si forståing av emosjonell kompetanse i jobben sin. Forskinga har eit kjønnsfokus og inntil vidare intervjar eg berre mannlege advokatar.
Kva fekk deg til å starte på eit doktorgradsløp?
Eg har eit sterkt ønskje om å kunne fordjupe meg akademisk i det eg interesserer meg for fagleg, i eit tverrfagleg forskingsmiljø.
Gi meg tre stikkord om stipendiatlivet på SPS.
Gøy, sosialt og fritt.
Bruk god tid på skrive prosjektskissen, gjerne med folk du kjenner frå forskningsmiljøet.– Kristine Simonsen
Har du oppdaga noko som har overraska deg i forskinga di så langt?
Det første halvåret av forløpet har eg brukt på å gjere meg kjent med den nye arbeidskvardagen, ta ph.d.-kurs, lese meg opp på litteratur, og mykje meir. Mi eiga datainnsamling har eg så vidt begynt med. Spør meg om eit år, då har eg forhåpentlegvis eit meir presist svar på dette spørsmålet!
Har du noko tips til dei som vurderer å søke stipendiatstilling ved SPS?
Bruk god tid på å skrive prosjektskissa, gjerne med hjelp frå folk du kjenner i forskingsmiljøet. Om du kjenner andre som har skrive ein ph.d., kan du spørje om å få lese deira skisse. Tenk over kor du kan tenkje deg å vere stipendiat og kvifor. Du kan også låne boka "Ph.d. – en veiviser" av Silje Fekjær, den gir både ei god innføring og avmystifiserer ph.d.-forløpet.
Kva gjer du når du ikkje forskar?
Då er eg for det meste saman med familien min.
Vera Raudberget Fiveland
Kva er det du forskar på, Vera?
Eg er historikar og skal forske på helsehjelp til innvandrarar på 1970- og 80-talet, nærare bestemt Helsetjenesten for innvandrere. Dette var ein helseklinikk som eksisterte frå 1975 til 1988 og låg på Sagene i Oslo. Stortinget vedtok å avgrense innvandringa til Noreg frå 1975, men innførte samtidig tiltak for å gi helsehjelp til innvandrarane som allereie var i landet.
Eg skal forska på helsearbeidarane som jobba ved Helsetjenesten for innvandrere – legar, sjukepleiarar, jordmødrer, helsesøstrer og tannlegar – og korleis dei utvikla kompetanse til å behandle denne pasientgruppa.
Kva fekk deg til å velje å starte på eit doktorgradsløp?
Eg har lenge kjent at eg vil noko meir enn å ha ein såkalla "vanleg jobb", utan å heilt klare å setje fingeren på kva det er. Eg har visst at eg vil skrive og fordjupe meg i noko eg synest er interessant og viktig.
Eg synest det var spennande å skrive masteroppgåve og visste at det var ei moglegheit å gå vidare i akademia, men eg var usikker på om eg var eigna for det. Eg søkte på fleire stipendiatstillingar, men det var først då eg såg utlysinga frå SPS og måtte knyta ideane mine til profesjonsforsking, at eg utvikla eit solid prosjekt og kjente at eg kanskje har det som skal til.
Gi meg tre stikkord om stipendiatlivet på SPS.
Sosialt, tverrfagleg og støttande.
Hugs også at det er mange måtar å vera akademikar på. Du må ikkje passa perfekt inn i eit ideal om kva ein god stipendiat er for å søkja.– Vera Raudberget Fiveland
Har du oppdaga noko som har overraska deg i forskinga di så langt?
Då eg byrja på prosjektet, såg eg føre meg at pasientane hovudsakleg var mannlege arbeidsinnvandrarar. Det viste seg tidleg at allereie i 1975 var det mange som hadde kome på familiegjenforeining, og behovet for helsehjelp var størst blant kvinner og barn. Mykje av oppfølgjinga på klinikken handla om svangerskaps- og barneomsorg og spedbarnskontrollar. Derfor kjem eg til å leggje meir vekt på kvinnehelse enn venta.
Har du noko tips til dei som vurderer å søkja stipendiatstilling ved SPS?
Be om hjelp frå nokon du stoler på og ser opp til fagleg, sjølv om det kan kjennast skummelt. Samarbeid og tilbakemeldingar er sentralt i alle former for akademisk arbeid, og det bør starta allereie med prosjektbeskrivinga. Hugs også at det er mange måtar å vera akademikar på. Du må ikkje passa perfekt inn i eit ideal om kva ein god stipendiat er for å søkja.
Kva gjer du når du ikkje forskar?
Eg liker å symje, lage mat og drive med handarbeid.
Sven Arild Storberget
Kva er det du forskar på, Sven Arild?
Eg forskar på historieskrivande lærarar og lektorar på starten av 1900-talet. Meir overordna forskar eg på utviklinga og profesjonaliseringa av de(t) historiefaglege felt i Noreg, med komparative blikk til andre land.
Kva fekk deg til å starte på eit doktorgradsløp?
Eg blei ferdig med masteroppgåva mi i historie i fjor, og undervegs i den prosessen blei eg berre meir og meir sikker på at eg hadde lyst til å fortsetje som historikar innan akademia, om det lot seg gjere. Då eg fekk tips om utlysinga frå SPS frå rettleiaren min, tok det ikkje lang tid før ein prosjektidé byrja å ta form.
Det har blitt skrive betydelege mengder historieskriving i Noreg som norske historikarar tilsynelatande har vore uinteresserte i å utforske. Flaks for meg!– Sven Arild Storberget
Gi meg tre stikkord om stipendiatlivet på SPS.
Spennande, triveleg og utfordrande.
Har du oppdaga noko som har overraska deg i forskinga di så langt?
At det har blitt skrive betydelege mengder historieskriving i Noreg som norske historikarar tilsynelatande har vore uinteresserte i å utforske.
Sjølv om det fanst særs få reine historikarstillingar ved universitetet i første halvdel av 1900-talet, var det likevel eit mangfoldig og særs spennande persongalleri av historieskrivande, som eg syns det er forunderleg at det ikkje har blitt vist meir interesse for. Flaks for meg!
Har du noko tips til dei som vurderer å søke stipendiatstilling ved SPS?
Finn fram til eit prosjekt du brenn for og gjerne også nokon å sparre med i idéutvikling og skriving av prosjektskissa.
Kva gjer du når du ikkje forskar?
Musikk og dokumentarfilm er to store interesseområde.
Peter Johansen
Kva er det du forskar på, Peter?
Eg undersøker Nav filosofisk, som blant anna inneber at eg identifiserer og adresserer etiske utfordringar som tilkjem etaten. Ambisjonen min er å kunne foreslå konkrete løysingar på utfordringane.
Kva fekk deg til å starte på eit doktorgradsløp?
Det å kunne arbeide filosofisk med eit samfunnsrelevant felt som interesserer meg.
Gi meg tre stikkord om stipendiatlivet på SPS.
Gøy, fritt og tverrfagleg.
Det er ein fin arbeidsplass. Om du er motivert og har eit profesjonsrelevant prosjekt i tankane, er det verdt å søke.– Peter Johansen
Har du oppdaga noko som har overraska deg i forskinga di så langt?
Eg har tidlegare arbeidserfaring frå Nav, og mitt prosjekt (i det minste foreløpig) vil i større grad handle om å forfølgje nokre intuisjonar om etaten og undersøkje om desse held vatn.
Har du noko tips til dei som vurderer å søke stipendiatstilling ved SPS?
Det er ein fin arbeidsplass. Om du er motivert og har eit profesjonsrelevant prosjekt i tankane, er det verdt å søke.
Kva gjer du når du ikkje forskar?
Eg lever etter alle solemerke eit nokså typisk mann-i-30-åra-innafor-ring-2-liv. Ellers lærer eg meg for tida italiensk.
Nick John Wright
Kva er det du forskar på, Nick?
Forskinga mi ser på insentivstrukturane som formar beslutningstaking i utdanningsvalg. Eg meiner at modellane vi brukar ikkje fangar opp godt nok korleis desse beslutningane utspeler seg over tid. Eg jobbar med å bevege meg vekk frå forventa nyttemodellar mot rammeverk som tek betre høgde for tidsforløp.
Det er litt skremmande første gang du er i ei forskingsgruppe og erfarne forskarar tek det du seier seriøst.– Nick John Wright
Kva fekk deg til å starte på eit doktorgradsløp?
Ideen vaks ut av teoriar eg lærte medan eg tok mastergrada mi. Dei rasjonelle valteoriane eg vart undervist i, føltes ikkje heilt rett, men eg klarte ikkje heilt å seie kvifor. Omtrent eit år seinare kom eg over ein artikkel av ein fysikar som kritiserte korleis økonomar brukar forventa nytte-modellar. Det gav meg ein formell måte å beskrive innvendingane mine på. Frå då av låg ideen der og gnagde meg.
Gi meg tre stikkord om stipendiatlivet på SPS.
Kollegialt, fellesskap og sosialt.
Har du oppdaga noko som har overraska deg i forskinga di så langt?
Det er eg ikkje sikker på om eg har, men det er litt skremmande første gang du er i ei forskingsgruppe og erfarne forskarar tek det du seier seriøst.
Har du noko tips til dei som vurderer å søke stipendiatstilling ved SPS?
Kontakt potensielle rettleiarar tidleg, det virkar det som mange av ph.d.-kandidatane gjorde. Det er betre å finne ut om prosjektet ditt passar godt inn før du brukar ein heil sommar på å jobbe med det. Når det er sagt så er gruppa ganske mangfoldig, så mest sannsynleg vil det passe inn ein eller anna stad.
Kva gjer du når du ikkje forskar?
Eg går tur med hunden min, høyrer på musikk, og om sommaren prøver eg å komme meg ut med fiskestanga når eg har moglegheita.