Fortel litt om prosjektet ditt!
Målet med prosjektet mitt er å gi ei betre forståing av grensene mellom ønskt og uønskt sex. I ungdomstida er sex eit nokså nytt område, det er ein ny «sosial praksis» ein skal lære, og den seksuelle utforskinga deira skjer i eit sosialt rom fullt av uklarleikar og tvimeining.
Mange opplever sex som noko spennande og gøy, men det kan også bli grenseoverskridande på ein negativ måte og kanskje ende med eit overgrep. Kva er det som eigentleg skjer? Kor går grensene når ein ønsker å flørte, hooke og ha sex?
For å finne ut av dette bruker eg djupneintervju med over 100 ungdommar mellom 17 og 19 år frå ulike stader i Oslo og mindre stader utanfor byen som har ulik sosial bakgrunn og også ulike seksuelle erfaringar.
Kva lurer du aller mest på for tiden?
Eg lurer mykje på kva ungdommar ønsker av seksuelle interaksjonar, og korleis identitetane deira, relasjonar og dei sosiale kontekstene dei er i, strukturerer både moglegheiter og barrierar for å realisere desse ønska.
Heldigvis finn eg litt ut av det òg, ettersom eg held på med å skrive ein artikkel om "seksuelle prosjekt" blant gutar. Det handlar om dei ulike grunnane til at dei vil ha (eller ikkje ha) sex, og korleis dette heng saman med ulike maskulinitetsnormer.
Kva fekk deg til å velje å ta doktorgrad?
Det er nok fordi eg er grunnleggande nysgjerrig, særleg på ungdomsliv og ungdomskultur. Bachelorgrada mi heitte faktisk "ungdomssosiologi", og eg fortsette i den retninga då eg skreiv masteroppgåve om ungdom og bruk av cannabis.
Livet til dei unge er mangesidig, og det er særleg interessant å sjå korleis ulike delar av liva deira samverkar, som for eksempel sex, sosial status og alkoholbruk. Eg synest det er gøy å jobbe analytisk, skrive og tenke lange tankar, så eg er rett og slett veldig heldig som får jobbe med dette.
Kva er bra med å vere stipendiat ved NOVA?
Å ha så mange kloke og rause forskarar rundt seg. Som ung forskarspire er det uhyre viktig å vere tett på flinke folk som ein kan sjå og lære av. Her heiar folk på kvarandre, som betyr mykje når ein tviler på seg sjølv, noko eg veit mange stipendiatar gjer (for) ofte. Ein har trass alt aldri skrive ei doktorgrad før. Det er også eit veldig godt stipendiatmiljø her.
Kva er draumeprosjektet ditt?
Eg jobbar faktisk med draumeprosjektet mitt no! Men om eg skulle hatt eit anna draumeprosjekt, ville det handla om ungdom og ruskultur på ein eller annan måte. Heldigvis overlappar det litt med prosjektet mitt no.
Fakta
- Ellen er stipendiat ved doktorgradsprogrammet Samfunnsvitenskap, studieretning sosiologi, ved Universitetet i Oslo.
- Ved NOVA er ho tilknytta prosjekta "Seksualkultur i ungdomstida" og "Seksualitet og seksuell risiko blant ungdom i ein digital tidsalder (DIGISEX)", i tillegg til Forskingsprogram om vald i nære relasjonar.
- Tidsramme for doktorgradsarbeidet: 01.10.2023 til 01.01.2027.
- Fagdisiplin: sosiologi
Tips til leselektyre om ungdom og sex
- Sexual Citizens – a landsmark study of sex, power, and assault on campus (2020), av Jennifer S. Hirsch og Shamus Khan.
- Dette liker vi! - (1) Sexråd frå jentene til gutane og (2) Sexråd frå gutane til jentene (2025), av Silje Berggrav og Live Mehlum.
- Og forresten heiter eg Leah (2025), av Elida Karo.