mange utydelige personer som går med ryggen til nedover en gate - inn i det ukjente

Stort integreringsprosjekt til NIBR

NIBR får nær 11 millionar kroner av Noregs forskingsråd for å forske på ukrainske flyktningars inntog på den norske arbeidsmarknaden.

NIBR-forskar Aadne Aasland ved OsloMet får støtte frå Noregs forskingsråd til eit stort prosjekt om arbeidsmarknadsinkludering av ukrainske flyktningar.

– Eg er kjempeglad. Vi har eit veldig bra team, og eg er ikkje i tvil om at vi vil utføre mykje relevant forsking, seier Aasland, som skal leie prosjektet.

Han viser til at ukrainske flyktningar på mange måtar skil seg frå andre flyktninggrupper i Noreg: Dei har ein mellombels status, det store fleirtalet er kvinner, og dei har eit høgare utdanningsnivå.

– Prosjektet kan derfor gi viktig kunnskap om kva som skal til for å inkludere denne store, nye gruppa flyktningar i det norske arbeidslivet, seier Aasland. 

Russlands fullskala-invasjon av Ukraina har resultert i den største tilstrøyminga av flyktningar til Noreg i løpet av eitt år nokosinne.

Dei har fått mellombels, kollektivt vern, og det er usikkert kor lenge dei vil bli i landet.

Eit sentralt dilemma for norske styresmakter blir då: Bør målet vere langsiktige strategiar for å tilpasse kvalifikasjonane til ukrainarane til behova i den norske arbeidsmarknaden?

Eller bør strategien vere å sørgje for at ukrainarane kjem raskt i jobb mens dei ventar på ein snarleg retur til heimlandet?

– Vi vil studere dilemmaet frå perspektiva til nasjonale avgjerdstakarar, lokale aktørar og dei ukrainske flyktningane sjølv, seier Aasland.

– Godt nytt

Prosjektet «Preparing for long term stay or fast return? Labour-market integration of Ukrainian refugees in Norway (Ukrint)» er eitt av fire prosjekt Forskingsrådet støtter for å utvikle ny kunnskap om arbeidsinkludering.

Forskinga skal møte behov i praksisfeltet og forvaltninga, blir utført i tverrsektorielt samarbeid og gi grunnlag for politikkutforming.

– Dette er godt nytt. Vi veit at ungdom, flyktningar og innvandrarar, og menneske med helseutfordringar er grupper som treng hjelp for å inkluderast i arbeidslivet, siger Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen i ei nyheitssak om tildelingane frå Forskingsrådet.

Ho får støtte av administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. 

– For å sikre til at alle som ønskjer det har høvd til å bidra i samfunnet på ein meiningsfull måte, treng vi forskingsbasert kunnskap med utgangspunkt i praksisfeltet og behova og perspektiva til brukarane, siger Tveit i same sak.

Forskinga skal gjennomførast i samarbeid med aktørar som representerer behovet samfunnet har for kunnskap og forskingskompetanse.

Nav og KS

I Ukrint får Aasland med seg forskarar frå Institutet för arbetsmarknads- och utbildningspolitisk utvärdering IFAU i Uppsala i Sverige.

– Sidan Sverige har hatt ein noko anna tilnærming til arbeidsmarknadsintegreringa av ukrainske flyktningar enn Noreg – til dømes har ikkje flyktningar i Sverige rett på introduksjonsprogram – vil  vi også søkje svar på om dette påverkar kor mange ukrainske flyktningar som får arbeid, og kva slags arbeid dei i så fall får i dei to landa, seier Aasland. 

I tillegg er både Nav og KS partnarar i prosjektet.

– Begge framhevar betydninga av prosjektet som ein kunnskapsbase for politikkutvikling. Vi vil klargjere konkrete utfordringar, men også gode tiltak som kan vere til hjelp for lokale aktørar som har som oppgåve å integrere flyktningane i den norske arbeidsmarknaden, seier Aasland. 

Sjølv om han er glad for prosjektet, kjem det med eit mørkt bakteppe. 

– Prosjektet vårt vil pregast av den forferdelege krigen som går føre seg i Ukraina no, og som er grunnen til at flyktningane har komme hit. Eg har sjølv mange venner og kjende i Ukraina etter å ha hatt prosjekt i landet sidan 2008. Sjølv når krigen ein dag er slutt, er det mange som vil ha lite å reise tilbake til. Allereie no ser vi at mange har eit ønske om å bli i Noreg. Inkludering i det norske arbeidslivet vil då vere veldig viktig. Det skal bli spennande å følgje prosessen og å sjå korleis det går med flyktningane i åra framover, seier Aasland.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 23.06.2023 | Tone C. S. Thorgrimsen