Folk frå Skanska underviser byggingeniørstudentane i berekraft og risikoanalyse. Då får dei høyre korleis problemstillingane faktisk vert handterte i store byggeprosjekt.
– Byggjenæringa skil seg frå industriell serieproduksjon fordi ein ofte byggjer noko unikt kvar gong, framhevar universitetslektor Christian Nordahl Rolfsen, som underviser i blant anna byggjeprosessfaget.
I motsetning til ein bilfabrikk, som produserer dei same bilane om att, vil nye bygg ha ulike forhold, løysingar og utfordringar. Det gjer vurdering og reduksjon av risiko særleg viktig.
Risk Game
«Risk Game» er eit godt konkret døme på korleis studentane øver på handtering av risiko. Studentane er då hos Skanska og arbeider med risiko i byggjeprosjekt.
Og Risk Game er ei praktisk øving i risikoanalyse for byggjeprosjekt. Studentane gjennomfører øvinga, og identifiserer kva som kan gå gale i eit prosjekt, og korleis risikoen kan reduserast.
På berekraftsdagen fortel Skanska om korleis dei arbeider med berekraft og gjenvinning i byggeprosjekt.
Skanska Survey kjem også til OsloMet og held forelesningar i landmåling. Det kan for eksempel dreie seg om skanning og dronar, og praktisk landmåling, og korleis det vert utført.
– Og gjesteforelesarane frå byggenæringa er spesialistar på sitt område, det er ein kjempefordel og eit stort pluss for studentane.
Kjem seg ut på byggeplassen
– Studentane kjem seg med dette også seg ut av klasserommet. Dei har også vore på ekskursjon til byggeplass og Skanska-kontor. Dermed får dei sjå prosjekt og verksemd på nært hald.
Gjensidig nytte
Begge partar får noko igjen. OsloMet får tilgang til oppdatert kompetanse og erfaring frå arbeidslivet utan at samarbeidet er basert på betaling. Skanska får samtidig møte framtidige arbeidstakarar og profilere seg overfor studentane. Rolfsen omtalar det sjølv som gjensidig nyttig.
Samarbeidet kan også føre til studentoppgåver. Rolfsen seier at fleire studentar har hatt oppgåver i samarbeid med Skanska.
– Og studentane er positive. Vi får tilbakemelding om at studentane er veldig nøgde med samarbeidet, som har gått over mange år. Med Skanska starta det i 2012.
Samarbeider også med andre selskap
Nordahl Rolfsen poengterer at dei også samarbeider med andre selskap, som AF, Backe og Bane NOR.
Jonas Wilson frå Backe underviser i LEAN construction og framdriftsplanlegging. Her lagar studentane ein framdriftsplan for ein byggeplass.
– Kristin Wold Jensen frå Backe undervisar i helse, miljø og tryggleik. Då har vi ei oppgåve i sikker jobbanalyse som for eksempel kan gå ut på å heise opp materialar på ein byggeplass, og då må ein gå nøye igjennom denne arbeidsoperasjonen og analysere kva som kan gå gale.
Jon-Erik Lunøe frå Bane NOR er også inne, og fortel om forskjellige kontraktar og entrepriseformer, som går ut på korleis ein organiserer byggeplassen, og kven som har ansvaret for kva.
Monica Hagen i AF-gruppa som har vore prosjektleiar for det kompliserte tilbygget til Vikingskips- museet på Bygdøy, fortel oss om korleis moderne hjelpemiddel har sytt for at prosjektet vart rett utført.
På biletet øvst i artikkelen er studentane i gang med «Risk Game».
Kontakt
Meir om samarbeid med andre
Utstyret frå Trimble skal nyttast i undervisning og forsking. Ein ny femårig avtale sikrar vidare drift og utvikling av Trimble Technology Lab ved Institutt for bygg- og energiteknikk ved OsloMet.
Institutt for bygg- og energiteknikk tek viktige steg mot samarbeid med dei verdsleiande universiteta MIT og University of Toronto.