Dei sju masterstudentane frå OsloMet framfor ein raud vegg

Studentsamarbeid gir ny kunnskap til Oslo-bydel

Masterstudentar frå fem utdanningar på OsloMet har jobba saman med bydel Søndre Nordstrand for å undersøke utfordringar knytt til barn og unge.

– Eg har fått ei breiare forståing for fagfelta eg skal samarbeide med vidare i arbeidslivet, seier Sebastian Eilsø Nielsen, som nyleg fullførte masteroppgåva si i sosialt arbeid.

Nielsen er utdanna barnevernspedagog og oppgåva hans handla om korleis dei ulike tenestene som skal samarbeide om å hjelpe barn og unge praktiserer tausheitsplikt og personvern.

Ung mann står ved ein talarstol og held presentasjon. Til venstre er ein blomsterbukett.

Sebastian Eilsø Nielsen presenterte funna sine om tausheitsplikt og personvern for bydelen og OsloMet. Foto: Sonja Balci / OsloMet

Saman med seks andre studentar frå fire masterprogram har han vore med i ei tverrfagleg gruppe knytt til prosjektet «Sammen for Søndre» i bydelen. 

Studentane har forska på problemstillingar som er viktige for bydelen. Gjennom heile prosessen har dei sju studentane hatt felles møte og har drøfta problemstillingar, funn og analyser med kvarandre, bydelen og rettleiarar frå OsloMet.

Verdifullt for bydelen

– For oss har samarbeidet med OsloMet vore veldig verdifullt, seier prosjektleiar i Bydel Søndre Nordstrand, Yassin El Barkani. 

Ei kvinne står og to menn sit på eit podium under ein panelsamtale.

Studentoppgåvene engasjerer: Bydelsdirektør Ayub M. Tughra og prorektor ved OsloMet Carl Thodesen i ein panelsamtale da studentene la fram resultata sine. Mette Tollefsrud leia samtalen. Foto: Sonja Balci / OsloMet

Han medgir at dei i starten var usikre på om dette var noko bydelen ønskte å gjere, men at haldninga snudde.

– Saman med studentane kom vi fram til problemstillingar vi sjølv står i til dagleg, slik at forskinga har vore tett kopla til det praktiske utviklingsarbeidet i prosjektet, og med høg relevans.

Utfordrande og spennande å jobbe tverrfagleg

El Barkani meiner noko av det mest spennande har vore at studentane har måtta jobbe tverrfagleg.

– Dei har fått erfare både moglegheitene og utfordringane som oppstår når ulike profesjonar skal jobbe saman. Det trur eg gir dei eit stort fortrinn når dei skal ut i eit arbeidsliv som i aukande grad etterspør heilskaplege og samordna tenester.

Mann står ved talarstol og held presentasjon. På skjermen bak han står det "Samordningsplikt"

Prosjektleiar Yassin El Barkani i Bydel Søndre Nordstrand synest samarbeidet har vore verdifullt for bydelen. Foto: Sonja Balci / OsloMet

Sebastian Eilsø Nielsen legg ikkje skjul på at studentane møtte fleire utfordringar i arbeidet, men at det også var spennande.

– Det er spennande å sjå korleis andre fagpersonar frå ulike disiplinar og fagtradisjonar tolkar den same saka, det same intervjuet eller det same møtet. Nokre gonger er det overlappande og nokså lik forståing, men det er også tidvis tydeleg at prioriteringar og vektlegging av kva som er viktig er annleis mellom ulike utdanningar. 

Utfordring vart til gevinst 

Prosjektleiar El Barkani trekk fram problema som oppstod da fleire studentar ville intervjue dei same tenestene. Det blei raskt klart at separate intervjurundar for alle masteroppgåvene ville blitt for krevjande for alle partar. 

– Løysinga blei at studentane slo seg saman om ein felles intervjuguide. Det som starta som eit problem, enda opp som ein skikkeleg gevinst: vi sparte tid, reduserte belastninga på tenestene og fekk betre koordinering på kjøpet.

Utvikla modell for samarbeid

Victoria Telle Hjellset er prosjektleiar frå OsloMet og gler seg over resultata av samarbeidet. Saman med kollega Jürgen Kasper har ho gjennom fleire år utvikla modellen om å skrive masteroppgåver på tvers av fag, fakultet og utdanning. 

Saman med El Barkani og "Sammen for Søndre"-prosjektet har dei no utvikla ein samarbeidsmodell som blir brukt saman med fleire bydelar og kommunar i Oslo-området.

Det siste året har universitetsleiinga gått inn med midlar for å satse sterkare på modellen.

Kvinne i blomstrete kjole framfor blå vegg med eit stort naturfotografi

Victoria Telle Hjellset er prosjektleiar frå OsloMet. Ho trur alle partar tener på det tverrfaglege samarbeidet. Foto: Sonja Balci / OsloMet

Hjellset meiner måten dei jobbar på er nyttig både for studentane og for fagmiljøa.

– Alle studentane har med seg rettleiaren sin inn i gruppa. Dermed får studentane støtte av ei større breidde av forskarar, med variert fagkunnskap og brei metodekompetanse. 

Også samarbeidet om å innhente data, som felles intervju, trur ho studentane har stor nytte av.

– Når studentar frå ulike fagfelt samarbeider om å intervjue rektorar eller barneverntenesta, får dei ei anna djupne i svara fordi dei får inn perspektiv frå fleire fag. 

– Studentane lærer også mykje av å lese og vurdere arbeida til kvarandre.

For forskarane bidreg samarbeidet det til større nettverk og meir fagleg utveksling – og kan bere frukter som nye forskingsspørsmål og -prosjekt.

Anbefaler å delta

Student Sebastian Eilsø Nielsen vil anbefale opplegget til andre studentar: 

– Eg kan anbefale å delta i prosjektet, men ein må vere førebudd på at det krev mykje proaktivt arbeid og eigeninnsats i å samarbeide med medstudentar. 

Yassin El Barkani understrekar at prosjektet også har hatt uventa fordelar for bydelen:

– Fleire studentar har blitt skikkeleg godt kjent med bydelen og måten vi jobbar på, og noen har faktisk søkt jobb hos oss etterpå. Det ser vi på som ein stor gevinst, både fordi dei allereie kjenner utfordringsbildet og fordi dei har erfaring med tverrfagleg samarbeid i praksis.

Sammen for Søndre

  • Sammen for Søndre er eit utviklingsprosjekt mellom Bydel Søndre Nordstrand og Utdanningsetaten.
  • Målet er å styrke samarbeidet mellom skole, bydelstenester og fritidsaktørar, slik at barn og unge får støtte tidlegare, meir helskapleg og betre koordinert.
  • Masteroppgåvene knytt til prosjektet fungerer som følgeforsking av tiltaka. 
  • Studentane som deltok kom frå fire ulike masterprogram ved OsloMet; barnevern, grunnskolelærar, helsesjukepleie og sosialt arbeid. 
  • Studentane har undersøkt problemstillingar knytt til tausheitsplikt og personvern, samarbeid med barnevernstenesta som førebygging og tidleg hjelp, tverrfagleg samarbeid på tvers av etatar i bydelen, rolleforståing i skolehelsetenesta og skoleleiarane sine perspektiv på innsatsteam.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 05.06.2026 | Åshild Losnegard, foto: Sonja Balci