Nærbilete av ei hand som held eit grønt, hjarteforma blad med synlege årer. Bakgrunnen er uskarp og viser eit utandørs miljø med gras

Temanummer set søkjelys på naturrekneskap i kommunal arealforvaltning

Korleis kan naturrekneskap bidra til betre arealpolitikk i norske kommunar? Det er hovudspørsmålet i eit fersk temanummer av «Kart og Plan». Forskarar frå mellom anna NIBR utforskar korleis naturrekneskap kan styrkje berekraftig arealforvaltning.

Temanummeret tek utgangspunkt i ei alvorleg utvikling: Norske kommunar har i perioden 2018–2022 bygd ned i gjennomsnitt to fotballbanar med særleg verdifull natur kvar dag.

Samtidig viser ei kartlegging at det er sett av eit område nesten like stort som Hardangervidda til framtidig utbygging. Dette står i kontrast til nasjonale mål om å redusere naturtap og fremje berekraftig utvikling.

Ei sentral utfordring er det fragmenterte plansystemet, der 357 kommunar har hovudansvaret for arealforvaltninga, utan tilstrekkelege verktøy for å sjå heilskapen. Her kan naturrekneskap spele ei nøkkelrolle.

Seks artiklar – seks perspektiv

Temanummeret presenterer seks forskingsartiklar som viser korleis naturrekneskap kan brukast i praksis:

Temanummeret blir avslutta med artikkelen «Noreg i raudt, kvitt og grått» (Barton og Venter), som viser korleis eit enkelt naturrekneskap, formidla gjennom samarbeid med journalistar og publikum, kan skape nasjonal merksemd og engasjement.

Les heile temanummeret i «Kart og Plan» (scup.com).

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 24.06.2025 | Kristin Horn Talgø