1. januar tok samfunnsgeograf Tone Huse over som forskingssjef for avdelinga Bustad-, stad- og regionalforsking ved By- og regionforskinginstituttet NIBR på OsloMet. Ho har ein solid akademisk bakgrunn og lang erfaring med forsking på byutvikling, klima, kolonialisme og korleis naturressursar blir omforma til verdiskaping.
– Eg har alltid likt å jobbe i team og dra eit felles lass. Som forskingssjef får eg moglegheita til å styrkje samarbeidet og utvikle kunnskap som har stor betydning for folks kvardagsliv, seier Huse.
Denne erfaringa gjer henne til ein sentral drivkraft i NIBRs vidare satsing.
– For NIBR er Tone eit viktig bidrag i utviklinga av instituttet, seier instituttleiar Geir Heierstad.
Frå Gossen til Grønland
Oppvaksen på Gossen i Aukra kommune, utanfor Romsdalshalvøya, har Huse gått vegen frå samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo til forskingsleiing i nord. Ho har vore førsteamanuensis ved UiT Noregs arktiske universitet og tilknytt TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO.
I 2016 disputerte ho med ph.d.-avhandlinga «The Car, the Citizen and the Climate: Rethinking Urban Climate Mitigation».
Her undersøkte ho korleis bypolitikk for klimakutt blir forma i spennet mellom globale mål og lokale kvardagspraksisar. Ho argumenterte for at klimatiltak må forståast som sosiale og demokratiske prosjekt, ikkje berre tekniske løysingar.
Den faglege breidda gjer henne til ein viktig ressurs for NIBR.
– Ho tek med seg ei brei forskarerfaring knytt til mellom anna gentrifisering i Oslo, regional utvikling langs norskekysten og byutvikling på Grønland. I tillegg har ho ein metodisk breidde som vil vere til stor nytte for å løfte NIBRs forsking vidare, seier Heierstad.
Fortida sine maktforhold påverkar framleis
Huse har leia eit stort forskingsprosjekt, «UrbTrans – Urban Transformations in a Warming Arctic». Prosjektet har utforska effektane av nordisk kolonialisme i byplanlegging på Kalaallit Nunaat (Grønland).
– Vi ser at fortida sine maktforhold framleis påverkar samfunnet. Skal vi forstå dagens endringar, må vi òg forstå historia og dei koloniale spora, seier ho.
Ho har òg forska på havet si rolle i verdiskaping gjennom eit ERC-finansiert prosjekt (European Research Council). Prosjektet resulterte i boka «Nature-Made Economy» (MIT Press), skrive saman med Kristin Asdal. Boka gir ei nyskapande analyse av korleis natur og økonomi blir fletta saman, med særleg søkelys på torsken si rolle i innovasjonsøkonomien.
Allereie i 2010 blei Huse kjend for boka «Tøyengata – eit nyrikt stykke Noreg», som vann Brageprisen. Boka gir eit unikt innblikk i gentrifiseringa av Tøyen og korleis bypolitikk grip inn i menneske sine liv.
For Huse er ikkje berre engasjert i forsking, men òg i formidling – både til eit vitskapleg publikum og til allmenta. Nyleg hadde ho kronikk på trykk i VG med tittelen «Grønland tilhøyrer grønlendarane», der ho løftar viktige spørsmål om kolonialisme, sjølvbestemming og nordisk ansvar.
– Formidling handlar om å gjere kunnskap tilgjengeleg og relevant. Eg meiner forsking må bidra til samfunnsdebatten, ikkje berre til faglege diskusjonar, seier Huse.
Vil byggje sterke fagmiljø
Huse har i mange år kombinert forsking og leiing, og merka at ho trivst godt når ho kan bidra til å løfte andre.
– Samarbeid handlar ikkje berre om å dele kunnskap, men om å byggje tillit og skape rom for nye perspektiv. Slik kan vi få til forsking som gjer ein forskjell, seier ho.
Som forskingssjef vil ho leggje til rette for samarbeid og tverrfaglege prosjekt som gir rom for nye idear og løysingar.
Heierstad ser fram til samarbeidet:
– Gjennom fleire store prosjekt har Tone òg viktig leiingserfaring som er nødvendig for å sørgje for god driv for NIBR i eit konkurranseutsett marknad. Vi ser fram til at ho blir varm i trøya og bidreg inn i den kollegiale utviklinga av NIBR, seier han.