ein gruppe ungdommar som sjår i kamera og smilar

Har ungdommen eigentleg reell innverknad i kommunen?

Norske kommunar og fylkeskommunar er pålagde å gi ungdom ei stemme i lokalpolitikken og i planprosessane. Men har ungdområd eigentleg reell politisk innverknad?

Eigne ungdomsråd som gir innspel til politikarane, er ofte løysinga når kommunar og fylkeskommunar skal oppfylla kravet om å gi ungdom ei stemme i lokalpolitikken. Men blir dei lytta til, og får dei gjennomslag? 

Det skal forskarar frå By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet finna ut av, ved å studera om medverknad frå ungdomsråd, og medverknad frå unge i planprosessar, faktisk har noko å seia i dei politiske avgjerdsprosessane. Prosjektet er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), og skal gå over to år.

Fyller eit kunnskapshol

– Tidlegare studiar viser at ungdomsmedverknad blir praktisert svært ulikt frå kommune til kommune, og at verknaden av medverknaden til unge generelt er avgrensa, siger NIBR-forskar og prosjektleiar Sveinung Legard.

Han legg til: 

– Men ein mangel ved den forskinga er likevel at han i all hovudsak dokumenterer den subjektive oppfatninga av innverknad og påverking blant dei unge eller dei kommunetilsette.

Kva som faktisk skjer med innspela ungdomsråda kjem med til kommunen, er det ikkje forsking på.

– Det finst i tillegg lite systematisk kunnskap om kva faktorar som kan vere avgjerande for at unges stemmer kan påverka avgjerdsprosessane på ein god måte. Det skal me finna ut av, seier Legard.

Kva skjedde med innspela? 

Saman med kollegaer frå NIBR og forskarar frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), skal han nytta seg av innovative metodar, som maskinlæring for å spora kva som skjer med innspel i veldig mange kommunar om gongen, for å få ei ny forståing av effektane av ungdomsmedverknad i avgjerdsprosessar.

– Saman med ungdommane skal me til dømes spora innspela i deira eigne kommunar, både ved å sjå på vegen dokumenta tar gjennom den politiske saksgangen, og ved å gjera intervju. På den måten finn me ut kva mekanismar som gjer at enkelte får ein verknad medan andre ikkje gjer det, seier Legard.

Forskarane vil også sjå på kva rammevilkår kommunane har, og om desse har noko å seia for om medverknaden til ungdommen faktisk har får ein politisk effekt.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 17.09.2024 | Tone C. S. Thorgrimsen