Portrett av Hilde Dybvik

Vil hjelpe barnehagelærarstudentar med å sjå korleis språklege og litterære emne heng saman i barnets liv

Ei nyskapande lærebok samlar dei viktigaste norskfaglege perspektiva i barnehagelærarutdanninga, og trekkjer opp linjene mellom dei.

– Jo meir barnehagelærarar kan om barns språk og kommunikasjon, desto lettare er det for dei å delta i og vere interessert i verda til barnet, seier Hilde Dybvik, førstelektor ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved OsloMet.

Denne våren gav ho ut læreboka Kommunikasjon, språk og tekst i barnehagen (cappelendamm.no). Boka er ein samla introduksjon til norskfaglege emne  i barnehagelærarutdanninga. Den tek for seg tema som barns språkutvikling, fleirspråklegheit, forteljingar og identitet, bøker i barnehagen, barns eigne tekstar, leik og språk og samtaler.

Viser samanhengar i eit omfattande felt

Med utgangspunkt i barnet og livet til barnet i barnehagen, ville Dybvik vise samanhengen mellom dei norskfaglege emna i rammeplanen til barnehagen.    

«Kommunikasjon, språk og tekst» er tittelen på det fagområdet i rammeplanen der dei fleste norskfaglege perspektiva i utdanninga kjem fram. 

– Boka er eit forsøk på å fylle punkta frå rammeplanen med konkret innhald. Norskfaget i barnehagelærarutdanninga er omfattande, og barns språk og barnelitteratur er dei to hovudemna. Undervisninga i språk og litteratur er gjerne skild frå kvarandre, og har kvart sitt  pensum, fortel Dybvik.

Boka er bygd opp på ein måte som viser korleis dei ulike temaa heng saman for barnet i barnehagen. Slik bryt boka ned dei faglege grensene som elles er trekt opp i pensumlitteraturen. Boka har som mål å knytte dei litterære og dei språklege emna tettare saman, og det gjer at boka er meir retta mot den verkelegheita som vil møte studentane ute i barnehagen. 

Dybvik tok utgangspunkt i eiga undervisning då ho sett saman boka.

Skrive til barnehagelærarstudenten

– Eg ønskte å vende meg direkte til barnehagelærarstudenten. Viss boka skulle passa inn i ein vitskapleg mal, ville det vorte ei heilt anna bok, noko eg ikkje trur ville vore like gunstig for studentane. Mange studentar tykkjer det er krevjande å skulle lese vitskaplege artiklar. Det skal dei sjølvsagt framleis gjere, men eg ønskjer at boka skal gi dei  grunnlaget og sjølvtilliten dei treng for å gå inn i komplekse faglege problemstillingar. Eit viktig mål er å få fram at studentane sjølv har mykje å bidra med, seier Dybvik. 

– Det finst ikkje éin fasit på korleis ein blir barnehagelærar. Ein tek med seg sin eigen kulturelle og språklege bakgrunn inn i møtet med barna. Studenten må gjere fagstoffet personleg, og i boka stiller eg fleire refleksjonsspørsmål undervegs.  

For å gjere fagstoffet tilgjengeleg for studentane, har Dybvik jobba mykje med språkleg framstilling, oppbygging og logikk. Ho har brukt mange illustrerande døme, også frå sine eigne barn, og skrive på ein måte som skal vekkje refleksjonen til lesaren.

Treng kunnskapen for å kunne vere til stades med barna

Gjennom å invitere til refleksjon, ønskjer ho også å få fram kvifor barnehagelærarstudentane treng kunnskap om kommunikasjon, språk og tekst. 

–  Dei treng denne kunnskapen for å bli barnehagelærarar som kan vere til stades i barnets «no». Boka er også eit forsvar for augneblinkane i barnehagen. Det handlar om å vere til stades med barnet, om å sjå kva for kompetansar barnet har, her og no, og ikkje berre tenkje på kvar barnet skal og kva det skal lære. 

Kva håpar du ein fersk student får ut av boka?

– Eg håpar dei opplever at boka er skriven til dei, og at ho er relevant for dei. Eg håpar kunnskapen om kommunikasjon, språk og tekst i barnehagen gjer at dei ser på barnet med nysgjerrigheit og audmjuke og med blikk for kva barnet gjer og kan. 

Tileigna Henriette Jæger

Boka var planlagd i samarbeid med Dybviks kollega Henriette Jæger, som døydde i 2021. Jæger står som medforfattar på eit av kapitla, og boka er også tileigna henne.

– Vi byrja å skrive boka saman, og snakka mykje saman om utdanninga og kva studentane treng. Dei samtalene har sett eit tydeleg merkje i meg, og det kjem fram i boka. 

Referanse

Dybvik, Hilde (2023). Kommunikasjon, språk og tekst i barnehagen (cappelendamm.no). Cappelen Damm Akademisk.

  • Utdrag fra boka: Når barn lager ord

    «Når barn lager nye ord, ser vi tydelig at språktilegnelsen er en selvstendig, kreativ og utforskende prosess: Barnet tar i bruk de språklige ressursene det har, og anvender dem på kreative måter for å uttrykke mening. Viljar (3 år) har fått en lillebror. For å beskrive hva en valp er, et ord han ikke har hørt før eller klarer å komme på i situasjonen, lager han et sammensatt ord, og kaller valpen for «lillebrorbikkja». Dette gjør han etter et innlært mønster, slik vi så ovenfor, der det siste ordet i det sammensatte ordet bærer hovedmeningen (valpen er jo bikkje), mens det første ordet nyanserer meningen av dette (valpen er liten, akkurat som Viljars egen lillebror). Olav Daniel (3 år) betrakter en julekrybbe, og kommenterer at alle figurene er inne i «hestehuset» – en logisk betegnelse for stall, et ord han ikke hadde lært ennå, eller som han ikke kom på akkurat da.» (Dybvik, 2023, s. 39) 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 31.08.2023 | Siv Tonje S. Håkensen