English version
Illustrasjon av bru over Bjørnafjorden. Brua flyter på sjøen.

Vil utvikle verktøy for tryggare bruer og tunellar

Forskingsrådet har løyvd 500.000 kroner til forskingsprosjektet «InfraGuard», som skal utforske ny teknologi for tryggare transportinfrastruktur, med særleg fokus på bruer og tunellar.

Transportinfrastruktur som bruer og tunnelar er avgjerande for trygg og effektiv transport av passasjerar og gods.

Gjennom prosjektet «InfraGuard» skal forskarar frå OsloMet utvikle eit nyskapande verktøy som kan overvake kor godt slike anlegg fungerer, og vurdere tryggleiken til dei. Prosjektet har eit spesielt fokus på utfordrande sjøoverkryssingar som flytande bruer og nedsenka tunellar.

Betre forståing av trafikkåtferd og miljø i fjordkryssingar

Noreg si lange kystlinje og komplekse fjordlandskap gjer behovet for robuste og trygge fjordkryssingar stort. Løysingar som flytande bruer og tunellar blir stadig meir aktuelle, men slike konstruksjonar krev avansert teknologi for å sikre reisekomfort og tryggleik.

InfraGuard-prosjektet skal utvikle eit systematisk rammeverk som skal gi ingeniørar og avgjerdstakarar betre verktøy for å forstå trafikkåtferd og miljøpåverknader på slike konstruksjonar.

– Tradisjonelle metodar for å vurdere tryggleiken på bruer og tunellar er ofte baserte på intuisjon eller subjektive erfaringar. InfraGuard skal utvikle eit meir presist og vitskapleg rammeverk som inkluderer både realistiske trafikkforhold og miljøpåverknader, heiter det i ei oppsummering av prosjektet.

Nyskapande og brukarvennleg teknologi

InfraGuard sitt rammeverk vil skilje seg frå eksisterande metodar ved å bruke ein forenkla modell for samspelet mellom køyretøy og bru. Dette gjer det mogleg å analysere dynamiske trafikkhandlingar utan å krevje tung utrekningskapasitet eller avanserte modellar.

– Målet vårt er å gjere teknologien tilgjengeleg for både ingeniørar og avgjerdstakarar gjennom eit brukarvennleg dataprogram. Dette vil leggje til betre betre avgjerdstaking om fartsgrenser, trafikkstyring og vedlikehald, heiter det i prosjektsøknaden.

Brei innverknad både vitskapleg og praktisk

InfraGuard tek sikte på å få brei påverknad både vitskapleg og praktisk. Forskarar innan infrastrukturteknologi, trafikkteknikk og marinteknologi vil kunne bruke den nye kunnskapen til vidare studiar.

Samstundes kan offentlege og private aktørar, som ingeniørfirma og nasjonale infrastrukturforvaltarar, dra nytte av rammeverket og programvarepakken for å effektivisere design, drift og vedlikehald av kritisk infrastruktur.

Kan bidra til ei grønare transportsektor

Med dette prosjektet håpar forskarane å møte samfunnet sine behov for smartare, meir berekraftig og kostnadseffektiv forvaltning av kritisk transportinfrastruktur.

Gjennom utvikling av ny teknologi og tett samarbeid mellom forsking og praksis, har prosjektet som ambisjon å bidra til tryggare og meir effektive transportløysingar – ei investering som kan gagne både brukarar og samfunnet som heilskap.

– InfraGuard er eit godt døme på korleis forsking ved Institutt for bygg- og energiteknikk på OsloMet kan bidra med konkrete løysingar på store samfunnsutfordringar, seier Yonas Zewdu Ayele, instituttleiar ved Institutt for bygg- og energiteknikk.

– Dette prosjektet vil gi nye verktøy for tryggare og meir berekraftige fjordkryssingar.

Prosjektleiar Jian Dai legg til at prosjektet vil gje prosjektteamet eit stort løft, og akselerere eksternt samarbeid med offentleg sektor og industrielle aktørar, noko som igjen vil tilføre unik praktisk verdi til prosjektteamet.

Biletet øvst i artikkelen viser illustrasjon av ny bru over Bjørnafjorden, som blir den lengste flytebrua i verda. Foto: Statens vegvesen.

Fakta om InfraGuard

  • Mål: Utvikle eit rammeverk for vurdering av yting og tryggleik i kritisk transportinfrastruktur.
  • Fokusområde: Lange flytande bruer og nedsenka tunnelar i miljømessig krevjande område.
  • Innovasjon: Brukarvennleg programvare som gjev betre innsikt i trafikkåtferd og miljøpåverknader.
  • Påverknad: Å bidra til berekraftig forvaltning og tryggare transportløysingar.
  • Prosjektet varer frå 1. august 2025 til 30.  juni 2026, og frå OsloMet er Jian Dai, Chaoru Lu og Steinar Olberg med.

Kontakt

Laster inn ...

Meir frå Institutt for bygg- og energiteknikk

Vil utvikle smart vedlikehald av bruer og vegar

OsloMet satsar om lag åtte millionar i strategiske midlar på å utvikle smart overvaking og vedlikehald av infrastruktur.

Gruppebilete av faglege og administrative ressurspersonar bak SmartMet lab.
Byggjer ei karbonnøytral framtid

– Å redusere karbonavtrykket i byggjeindustrien er ei global utfordring som krev internasjonalt samarbeid og felles standardar, seier professor Mahdi Kioumarsi.

Portrett av Mahdi Kioumarsi
Institutt for bygg- og energiteknikk flyttar inn i Construction City

OsloMet vert leigetakar i Construction City, og styrkar med det samarbeidet mellom akademia og bygg-, eigedom- og anleggssektoren.

Flyfoto av bygninga til Construction City på Ulven i Oslo. Motorveg i framgrunnen, og tett med bygningar i bakgrunnen.
Publisert: 26.06.2025 | Illustrasjon: Statens vegvesen | Olav-Johan Øye