Doktorgradsutvalet ved Fakultet for samfunnsvitskap

Doktorgradsutvalet gjer vedtak i samband med rekruttering til ph.d.-programma. Utvalet gir råd til fakultetsleiinga i strategiske spørsmål, og er ein arena for å drøfte og utvikle fakultetets forskarutdanningar.

  • Møtedatoar haust 2022

    • 23. august kl. 14.30-16.00
    • 11. oktober kl. 14.30-16.00
    • 22. november kl. 14.30-16.00
    • 13. desember kl. 14.30-16.00

    Referat frå DGU-SAM ligg i nettportalen OpenGov (opengov.360online.com).

    Referat  inntil våren 2018 ligg på internsidene i nettarbeidsplassen for tilsette (ansatt.oslomet.no), under gruppa "Fakultet for samfunnsvitenskap".

  • Sakspapir og møtebøker

    Sakspapir og møtebøker frå råd og utval ved OsloMet blir offentleggjort i nettportalen OpenGov (opengov.360online.com).

  • Doktorgradsutvalets mandat

    Doktorgradsutvalet ved Fakultet for samfunnsvitskap (forkorta DGU-SAM og heretter referert til som utvalet) skal bidra til å utvikle forskarutdanningane på fakultetet. Utvalet skal bidra til at fakultetet har ein heilskapleg strategi for ph.d.-programma, og at programma, inkludert ph.d.-emna, har høg kvalitet som reflekterer fakultetet sin faglege profil og eigenart.

    Utvalet skal bidra til å utvikle ph.d.-programma i tråd med krav til akkreditering som universitet i Studiekvalitetsforskrifta og Studietilsynsforskrifta.

    Utvalet skal ta avgjerder i saker som er delegert frå dekanen og gi råd til fakultetsleiinga i strategiske spørsmål knytt til forskarutdanningane. Utvalet skal vere ein arena for å drøfte fakultetets forskarutdanningar, for å utvikle forskarutdanningane ved fakultetet ut frå erfaringar og resultat.

    Utvalet skal sjølv initiere utgreiingar på dei områda utvalet finn naudsynt.

  • Doktorgradsutvalets oppgåver

    Utvalet har fått delegert vedtaksmyndigheit frå dekanen til å:

    • gjere opptak på ph.d.-programma
    • ta avgjerder i enkeltsaker som gjeld den enkelte ph.d.-kandidaten
    • oppnemne doktorgradskomitear
    • godkjenne innstillingar frå doktorgradskomiteane
    • forvalte regelverk, retningsliner og rutinar for ph.d.-programma ved fakultetet
    • treffe avgjerder og gi tilrådingar som gjeld doktorgradstudia ved fakultetet
    • godkjenne endringar i dei utfyllande retningslinene for fakultets ph.d.-program
    • godkjenne endringar i programplan og emneplan for fakultetets ph.d.-program
    • godkjenne oppretting av emner for fakultetets ph.d.-program
    • initiere og koordinere utviklinga av felleselement mellom ph.d.-programma ved fakultetet

    Utvalet skal supplerast med 1 medlem frå Utdanningsutvalet ved SAM, prodekan eller den ho/han gir fullmakt, med kompetanse for tilsyns- og kvalitetsarbeid ved behandling av følgjande saker:

    • godkjenning av vesentlige endringar i program- og emneplanar på ph.d.-nivå
    • godkjenne oppretting av emner for fakultetets ph.d.-program

    Følgjande vedtakssaker er delegert til leiar og nestleiar for DGU:

    Søknader om

    • framstilling til doktorgradsprøva
    • oppnemning av doktorgradskomite
    • godkjenning av innstillinga når komiteen leverer ei samrøystes innstilling

    Programleier /koordinator informerast fortløpande.

    Sakene skal refererast på første ordinære DGU-møte etter at avgjerda er fatta. Saker av prinsipiell karakter skal framleis fremjast for DGU, det same gjeld saker som dekanen meiner DGU bør vedta eller uttale seg om.

    Utvalet skal gi råd til dekanen om

    • ein heilskapleg plan for å sikre og vidareutvikle kvalitet i forskarutdanningane, i tråd med fakultetets strategi
    • samverke og koordinering av ph.d.-programma ved fakultetet
    • planar og tiltak for å sikre og utvikle høg kvalitet på doktorgradsstudia
    • årsplanar og budsjettiltak som gjeld forskarutdanningane
    • høyringssvar innanfor utvalets ansvarsområde
    • etablering eller avvikling av doktorgradsstudium

    Utvalet skal behandle og følgje opp ein årleg rapport om kvaliteten og kvalitetsarbeidet ved fakultetets doktorgradsprogram.

  • Funksjonstid og forretningsorden

    Funksjonstida til utvalet er 4 år, men dette kan justerast som følgje av vedtak i universitetsstyret som gjeld organiseringa av fakultetet. Utvalsmedlemmar blir oppnemnt for same periode. Om medlemmar fell frå i perioden, skal dekanen erstatte desse i samsvar med utvalet si samansetjing.

    Doktorgradsutvalet har vanlegvis tre møte om våren og to om hausten.

    Ved avstemmingar gjeld følgjande:

    I saker der utvalet har fått delegert vedtaksmyndigheit av dekanen, har kvar medlem ei – 1 – stemme. Viss talet på stemmer er likt, har utvalsleiar dobbeltstemme.

  • Val og samansetjing av utvalet

    Samansetjing

    Doktorgradsutvalet som ressurs skal ha nødvendig kompetanse innan forskarutdanning. Samtidig skal utvalet ha eit heilskapleg blikk for fakultetets verksemd på FoU-området, og kjennskap til overordna FoU-arbeid ved OsloMet.

    Doktorgradsutvalet skal ha følgjande samansetjing:

    • 4 representantar for UF-tilsatte (ein frå kvart institutt). Utvalsleiar og nestleiar oppnemnast blant desse
    • 2 stipendiatar
    • 1 representant frå SVA
    • 1 ekstern representant frå akademia

    Alle medlemmer i Doktorgradsutvalet skal ha personleg vara. Doktorgradsutvalet skal ha ein nestleiar som er utvalets varaleiar. Programleiarane for doktorgradsprogramma har tale- og forslagsrett, men ingen stemmerett

    Oppnemning/val av representantar:

    • Dekanen oppnemner utvalsleiar og nestleiar
    • Dekanen oppnemner ekstern representant (utvalsleiar er forslagsstillar)
    • Dekanen oppnemner UF-tilsette og stipendiatar (utvalsleiar og instituttleiarane er forslagsstillarar)
    • Dekanen oppnemner stipendiatar for to år av gongen (utvalsleiar og instituttleiarane er forslagsstillarar)
  • Medlemmer

    Medlemmer frå hausten 2021

    • Leder av DGU prodekan Nathalie Hyde-Clarke. Nestleder professor Asbjørn Røiseland
    • Professor Kjell Ivar Skjerdingstad. Vara: førsteamanuensis Gerd Berget.
    • Førsteamanuensis Lise Cecilie Kleppe. Vara: førsteamanuensis Jorunn Vindegg.
    • Professor Birgitte Kjos Fonn. Vara: professor Tine Figenschou.
    • Professor Asbjørn Røiseland. Vara: professor Mads Greaker.
    • Forskingskoordinator Jon Rogstad, SVA.
    • Stipendiat  Maciej Liguzinski. Vara: Alexander Dannerhäll.
    • Stipendiat Sehrish Akhtar. Vara: Lukas Mozdeika

     Seksjon for FoU er sekretær for utvalet.

    Samansetjing for SAMs doktorgradsutval er fastsett av dekanen 31.12. 2021.