FoU-utvalet ved Fakultet for samfunnsvitskap

FoU-utvalet ved Fakultet for samfunnsvitskap er rådgjevande overfor fakultetsleiinga, og har fått delegert vedtaksmyndigheit i enkeltsaker.

Om utvalet

Styret ved OsloMet – storbyuniversitetet (tidl. Høgskolen i Oslo og Akershus) har fastsett at universitetet skal ha FoU-utval på fakultetsnivå.

Medlemmer

Sekretariat

  • Oppnemning / val av representantar

    • dekanen oppnemner ekstern representant (prodekan FoU er forslagsstillar)
    • dekanen oppnemner UF-tilsette (prodekan FoU og instituttleiarane er forslagsstillarar)
    • dekanen oppnemner dei midlertidige UF-tilsette for to år av gongen (prodekan FoU og instituttleiarane er forslagsstillarar)
    • studentane vel sine representantar for eitt år av gongen

    Samansetjinga av utvalet skal vere i samsvar med reglane i Likestillingslovas § 21 om representasjon av begge kjønn i utval.

  • Samansetjing av FoU-utvalet

    FoU-utvalet som ressurs skal ha nødvendig forskingsstrategisk og forskingspolitisk kompetanse. Samtidig skal utvalet ha eit heilskapleg blikk for fakultetets verksemd på̊ FoU-området, og kjennskap til overordna FoU-arbeid ved OsloMet.

    FoU-utvalet skal ha følgjande samansetjing:

    • Prodekan for FoU (leiar)
    • 5 representantar frå fakultetets UF‐tilsette*
    • 1 representant frå midlertidige UF-tilsatte i rekrutteringsstillingar (stipendiatar/postdoktorar)
    • 2 representantar for studentane
    • 1 ekstern representant

    Utvalet må totalt sett:

    • representere ulike forskingsfelt
    • ha erfaring frå interne/eksterne forskingsutval/komitear
    • ha erfaring med forskingsleiing
    • ivareta mangfald (junior/senior UF-tilsette, kjønn m.m.)

    Alle medlemmer i FoU-utvalet skal ha personleg vara. FoU-utvalet vel nestleiar, som er utvalets varaleiar. Seksjon for FoU ved fakultetet er sekretær for utvalet.

  • FoU-utvalets mandat

    FoU-utvalet på Fakultet for samfunnsvitskap er rådgjevande overfor fakultetsleiinga, og kan få delegert vedtaksmyndigheit i enkeltsaker.

    FoU-utvalet skal bidra til å utvikle FoU- og innovasjonsarbeidet ved SAM. Utvalet skal bidra til at fakultetet har ein heilskapleg FoU- og innovasjonsstrategi og ein samfunnsrelevant portefølje av forskingsmiljø som har høg kvalitet og som reflekterer fakultetets faglege profil og eigenart. Utvalet skal m.a. gjennom kontakt med Utdanningsutvalet og Doktorgradsutvalet på fakultetet sikre god kopling mellom FoU og utdanning i alle tre syklusar (bachelor, master og ph.d.). 

    Utvalet skal gjere vedtak i saker som er delegert frå dekanen og gi råd til fakultetsleiinga i strategiske spørsmål knytt til FoU-utviklinga. Utvalet skal vere ein arena for å diskutere politiske, strategiske, faglege og etiske sider ved forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og for å vurdere erfaringar og resultat. Utvalet skal sjølv initiere utgreiingar på dei områda utvalet finn nødvendig.

    FoU-utvalet skal etter delegering frå dekanen:

    • fordele fakultetets strategiske midlar innan FoU-området
    • fordele stipendiatressursar og postdoktorressursar som er tildelt fakultetet frå OsloMet sentralt
    • fastsetje kriterium for etablering, vidareføring og endring av forskningsgrupper
    • godkjenne, følgje opp og evaluere forskingsgruppene etter innstilling frå dei instituttleiarane det vedkjem

    FoU-utvalet er rådgjevande overfor fakultetsleiinga i saker som gjeld:

    • utvikling av FoU‐strategi og ev. underliggjande strategiar (f.eks. forskingsformidlingsstrategi), i tråd med fakultetets strategi
    • utvikling av gode rammevilkår for forskings‐ og utviklingsarbeid, herunder: Kriterium for tildeling av FoU‐tid; rutinar for oppfølging av reielegheit og personvern i forsking; kriterium for strategiske tiltak innan FoU‐området
    • årsplanar og budsjettiltak som gjeld FoU‐verksemda
    • høyringssvar innanfor utvalets ansvarsområde

    Minimum ein gong i året skal FoU-utvalet ved SAM ha fellesmøte med Utdanningsutvalet og Doktorgradsutvalet på fakultetet.

    Utvalet inngår i fakultetets saksgang frå strategisk råd, via ledermøte til FoU-utvalet, til ledermøtet igjen og så til dekan for vedtak.