Asker kommune

Paraplyar i taket i Smuget i Asker

Om kommunen

Asker kommune blei etablert 1. januar 2020 etter samanslåing av Hurum, Røyken og Asker kommunar. Kommunane brukte FN sine berekraftsmål som rammeverk for bygging av den nye kommunen, og berekraftsmåla er no integrert som del av samfunnsutviklinga og kommuneplanen. I byrjinga av 2026 hadde Asker 101 509 innbyggarar, noko som gjer Asker til Noregs 8. største kommune målt i innbyggartal.

Asker har eit areal på 378 km2. Kommunen grensar til Bærum i nord, Lier i vest, Drammensfjorden i sørvest og Oslofjorden i aust, og har ei kystline på nærmare 197 km. Asker kommune har variert natur som spenner frå skog og kulturlandskap til fjorder, innsjøer og øyer. Store delar av kommunen er skog (68 %), 11 % er dyrka mark, medan 3,5 % av arealet er ferskvatn.

Asker sentrum er vårt største sentrum og kommunesenter. I tillegg har vi 9 lokalsenter og 26 nærsenter. Lokalsentra er Tofte, Sætre, Spikkestad, Røyken, Slemmestad, Heggedal, Holmen, Vollen og Dikemark.

Samarbeid med OsloMet

Asker kommune og OsloMet har inngått ein samarbeidsavtale som skal bidra til auka og målretta bruk av forskingsbasert kunnskap i kommunen si tenesteutvikling og innovasjonsarbeid. Asker og OsloMet skal etablere konkrete samarbeid innanfor blant anna desse områda:

Toppbilde: Paraplyar i Smuget (Foto: Ronny Boysen)