Nordre Follo kommune

Oversiktsbilde av eit tjern omkransa av hus og blokkar.

Om Nordre Follo kommune

Nordre Follo er landets 14. største kommune, med rundt 65.000 innbyggarar og 5000 tilsette.

Vi er eit samfunn i vekst og utvikling, med store investeringar i nye bustader, infrastruktur og næringsliv.

Vi ligg tett på både skogen og sjøen, og har mange vakre turområde i nærområdet vårt. Vi har også aktive fritidsorganisasjonar, hallar og idrettslag.

I tillegg har vi eit levande kulturmiljø, med to flotte kulturhus, to driftige bibliotek og ei rekke aktive kulturorganisasjonar.

Med visjonen «nær og nyskapende» skal kommunen vere ein god stad å leve, både no og i framtida.

Vi som jobbar i kommunen er opptekne av å tenke nytt. Vi testar ut ny teknologi og deltek i ulike prosjekt, med mål om å finne gode løysningar på samfunnsutfordringane vi står overfor.

Kanskje har du allereie høyrt om «Framtidsforsøket» vårt, der vi saman med Nyby og Lillestrøm kommune testa ut korleis framtidas helsevesen kan sjå ut?

Viss ikke, kan du lese om det på nettsidene våre (nordrefollo.no)

Vi er i tillegg nærmaste nabo til hovudstaden og med toget er det bare 11 minutt reiseveg til Oslo, frå både Kolbotn og Ski.

Nordre Follo kommune og Oslo Met har signert ein intensjonsavtale der ulike aktivitetar kan inngå: